Vegetar og vegan

No image

Er du ein veggis? Med andre ord: Ein vegetar, eller kanskje ein veganar?

Vegetarisme er eit kosthald utan kjøt, fisk, fugl, sjømat og eventuelt andre animalske matvarer, og ein som held seg til det, blir kalla vegetar/vegetarianar. Ordet vegetarianar stammar frå 1850-åra, då kostlæra vegetarismen oppstod i Storbritannia. Grunnordet er det engelske vegetable 'urt, grønsak, plante-' .

I vår tid er det å eta mindre kjøt ein ny trend. Eit kosthald med vegetarmat er på frammarsj, ikkje minst hjå unge menneske. I det siste har omgrepet fleksitarianar kome til. Det er personar som vel bort kjøt og mjølk når dei kan eller vil. Dessutan har dei kjøtfrie dagane gripe om seg. Folk sløyfar kjøt til middagen ein dag dei elles ville ha hatt det, og et vegetarisk.

Ein vegetar eller vegetarianar er altså tilhengjar av vegetarianismen , og desse undergruppene er kjende:

  • laktovegetar(ianar), vegetar som kan eta mjølkemat
  • ovovegetar(ianar), vegetar som kan eta egg
  • laktoovovegetar(ianar), vegetar som kan eta både mjølkemat og egg
  • vegan(ar), vegetar som et berre plantekost

Ein vegan(ar) et altså heller ikkje meieriprodukt, og vedkomande prøver òg å ha ein etisk livsstil ved å utelata animalske produkt så langt råd er.

I Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Tanums store rettskrivningsordbok er vegetar og vegetarianar likestilte former. Skrivemåtane vegan og veganar er også valfrie, sjølv om den vanlegaste av dei, langforma, manglar i Bokmåls- og Nynorskordboka. Forma vegan er kjend frå engelsk, og då ordet var nokså nytt i norsk, vart den engelske (og svenske) forma brukt, medan den lange forma veganar/veganer no har vorte den gjengse i norsk, som i dansk.

---

Foto: cyclonebill – Salat af rucola, gulerødder, parmesan og solsikkekerner (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.02.2016 | Oppdatert:11.08.2023