Bokmålsordboka og Nynorskordboka i nye utgåver

(28.09.06) Bokmålsordboka og Nynorskordboka ligg føre i nye, oppdaterte utgåver. I begge ordbøkene er rettskrivinga ajourført fram til 1. juli 2005.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Bokmålsordboka kom med tredje utgåva i 2005 med rettskrivinga ajourført etter rettskrivingsreforma for bokmål frå 1. juli 2005. Boka er på 1218 sider og er utgjeven av Kunnskapsforlaget. Nynorskordboka kom med fjerde utgåva i august 2006, også den med ajourført rettskriving per 1. juli 2005, men for nynorsk er det mindre endringar. Denne boka er på 1478 sider og er kommen på Det Norske Samlaget. Begge ordbøkene har med aktuelle nyord. Døme på nye ord i  ordbøkene er fristille, blogg, friskole og kols.

Ordbøkene er utarbeidde ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Dei er til sals i bokhandlane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.09.2006 | Oppdatert:19.11.2021