Språkrådet ber om karakterar i norskopplæring for språklege minoritetar

(26.10.06) – Det er uheldig at faget grunnleggjande norsk for språklege minoritetar ikkje skal vurderast med karakterar, skriv Språkrådet i ei høyringsfråsegn til Utdanningsdirektoratet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Språkrådet meiner at det er viktig for elevane at dei kan dokumentere norskkunnskapar i arbeidslivet seinare. Den vanlegaste måten å dokumentere dette på er å vise vitnemål med karakterar etter eit system som arbeidslivet kjenner. I dag blir all obligatorisk undervisning på ungdomstrinnet vurdert med karakterar. Det blir skapt ein uheldig situasjon for ei heil elevgruppe dersom denne elevgruppa går ut av grunnskulen utan dokumentert ferdigheitsnivå i norsk.

Språkrådet seier vidare at det er viktig for språksamfunnet, elevane og legitimiteten til faget at norskopplæringa for språklege minoritetar skjer systematisk. Skulekvardagen er slik i dag at karaktergjeving er med på å sikre systematikk i opplæringa, skriv Språkrådet. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.10.2006 | Oppdatert:19.11.2021