Nye tiltak for nynorsk

(23.10.08) Regjeringa set no i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken og dei språklege rettane både i skuleverket, i nynorskkommunane og i statsforvaltninga.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

– Tre departement gjev gode bidrag til å styrkje nynorsken, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet.

Gjennom to rapporteringsrundar stiller Kunnskapsdepartementet tydelege forventningar til at fylkeskommunane har rutinar for å sikre at dei kjøper inn læreverk på nynorsk til skulestart. Eit slikt oppfølgingsregime er i tråd med det Språkrådet har etterspurt.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet set i gang prosjekt for å heve nynorskkompetansen i statsforvaltninga, og tek difor eit ansvar som Språkrådet forventar av staten, nemleg å behandle dei to målformene som ein viktig del av forvaltningsoppgåvene i tråd med mållova.

At Kommunal- og regionaldepartementet opprettar ein pris for «Årets nynorskkommune», er eit tydeleg signal også til administrasjonen i 116 nynorskkommunar om at dei har eit ansvar for godt og korrekt nynorsk i tenesteytinga.

– Eitt av hindera for å lære nynorsk godt er mangelen på nynorske tekstar rundt oss i kvardagen, seier Tvitekkja. – Dersom t.d. statlege nettsider får meir nynorsk, og kommunane blir meir medvitne brukarar av nynorsk, vil det ikkje berre bidra til å oppfylle krava i mållova, men også gje unge og vaksne høve til å møte nynorsk i fleire kvardagslege situasjonar enn dei gjer i dag. Det er ikkje minst viktig for å lære språket og få eit naturleg forhold til det.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.10.2008 | Oppdatert:19.11.2021