Språkrådet heidrar verksemder for godt namnevett

(12.12.08) Sju bedrifter i Sogn og Fjordane vert heidra med Språkrådets diplom for godt namnevett for 2008.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Språkrådet deler kvart år ut diplom til verksemder som har valt gode norske namn. I år er det sju verksemder i Sogn og Fjordane som vert heidra.

– Næringslivet er ein samfunnsaktør med prestisje. Bruken av firmanamn viser haldning til språk.  Difor er det viktig for Språkrådet å premiera språkleg kreative namn på verksemder, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Desse verksemdene får diplom frå Språkrådet for godt namnevett for 2008:

Blanke Messingen, Sogndal (verkstad for messinginstrument)
Røverompa barnehage, Askvoll
Skald, Leikanger (forlag)
Lite nytt, Lærdal (bruktbutikk)
Skamklyppen, Bulandet (frisør)
Skinn og Bein, Førde (reparasjon av skotøy og andre lêrvarer)
Neste Trekk, Sogndal/Ski (møblar og innreiing)

Diploma vert delte ut på Høgskulen i Sogndal (Gjensidige-rommet på Fosshaugane) fredag 12. desember kl. 12.30.

PrisvinnaranePressekontaktar:

  • Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, tlf. 957 92 783
  • Rikke Hauge, rådgjevar i Språkrådet, tlf. 958 83 820

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.12.2008 | Oppdatert:19.11.2021