Språknytt nr. 4 2009

(2.12.09) I det fjerde og siste nummeret av Språknytt i år kan du lese eit intervju med kokken Harald Osa. Når mange kokkar set bresert på menyen, seier Osa grytekokt. Du får vidare vite kven som fekk Språkprisen 2009, og kva for planar Språkrådet har for arbeidet med terminologi og fagspråk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Vi trur vi veit kva det latinske alfabetet er, men ein artikkel i bladet viser at det nok ikkje er tilfellet. To artiklar handlar om ordbøker. Den eine drøftar kva for ord som blir tekne med i ordbøkene, og den andre gjev smakebitar frå det siste bandet av Norsk Ordbok.

Dersom du lurer på kvifor det heiter å gjere si borgarplikt og med brask og bram, kan du få svar i dette nummeret. Kva er sams i tydinga av substantivet insekt og verbet å skjere? Har du undra deg over orda epistel, apostel, engel og evangelium?

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2009 | Oppdatert:19.11.2021