Inviterer til nettdebatt om nynorskrettskriving

(29.4.10) Språkrådet lanserer diskusjonsforumet Nynorsk 2011 der alle interesserte kan fortelje kva for ønske dei har til den komande rettskrivinga for nynorsk. – Vi vil ha innspel frå brukarane, seier Grete Riise, leiar i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Det skal lagast ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk, og ho skal erstatte dagens norm. Nemnda skal kome med forslag til revidert norm innan april 2011.

– I diskusjonsforumet ønskjer vi oss innspel frå så mange som mogleg, anten dei reknar seg som nynorskbrukarar, er skuleelevar med nynorsk som sidemål, har nynorsk som arbeidsspråk eller berre skriv nynorsk no og då, seier nemndleiar Grete Riise.

– Alle interesserte kan kome med ønska sine. Er det noko brukarane meiner er vanskeleg i dagens rettskriving? Kva skal til for å gjere det lettare å skrive korrekt? Dette vil vi høyre synspunkt på, seier Riise.

Mandatet til rettskrivingsnemnda seier at nemnda skal lage ein brukarvennleg nynorsk, som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, og som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål.

Diskusjonsforumet Nynorsk 2011 har adresse www.nynorsk2011.org.

Pressekontakt:
Grete Riise, leiar for rettskrivingsnemnda for nynorsk
tlf.: 416 61 790 (mobil) eller 55 57 23 18 (arbeid)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.04.2010 | Oppdatert:19.11.2021