Kronikk: Rett språk til rett tid

(15.11.11) «Ingen skriv berre rett. Men alle kan velje rett språk. Det barn kan, bør byråkratar og hamburgarkjeder òg klare», skriv Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, i denne kronikken i Aftenposten på Språkdagen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Vi har eigentleg lært det som barn, men vi treng ei påminning: Ein kompetent språkbrukar kan ikkje berre uttale og skrive orda sine, bøye dei og lenkje dei saman til setningar. Ein kompetent språkbrukar kan òg kunsten å velje rett språk til rett tid. «Norsk for innvandrere, engelsk for nordmenn?» spør vi på Språkdagen 2011. Kva vil det seie å velje rett språk til rett tid, og kvifor kan det vere verdt å øve opp medvitet på dette punktet?

Alle gjer vi språklege val, heile tida. I samtale på norsk med andre norsktalande vel vi innanfor kvart vårt repertoar av språklege former. Nokre seier tiden nokre gonger og tia andre gonger, for andre ville det vore utenkjeleg å seie tiden, medan dei har både fram og frem på repertoaret sitt. I skriftspråket har dei fleste av oss eit anna formrepertoar enn i talespråket, og der kjem vi òg stadig opp i valsituasjonar. Skal vi skrive fascinere eller fasinere? Kvart einskilt språkleg val mellom alternativ kan ein sjå på som ei markering av kven vi er eller vil vere, anten dette er medvete eller ikkje. Nokon heilt nøytral språkleg uttrykksmåte finst ikkje.

Barna kan det

Mange har opplevd at tospråklege barn kan vere lite viljuge til, eller rett og slett ute av stand til, å seie fram ei ytring på det eine språket sitt i ein situasjon der kommunikasjonen elles føregår på det andre. Så gale kjennest det for dei å bruke dei to språka i «feil» situasjonar. Men einspråklege barn har òg ei merksemd om situasjonsavhengig språkbruk som mange vaksne ikkje tiltrur dei – dei kan til dømes kjenne att språklege særdrag hjå personane rundt seg, og dei kan òg sjølve variere språket sitt etter kven dei snakkar til. På denne måten blir språket som identitetsuttrykk kjent for barnet samstundes med språktileigninga elles.

Parallellspråklegheit

Vi er i eit seminarrom på eit universitet. Nokre studentar og ein førelesar pratar saman før førelesinga byrjar. Alle er norske, og samtalen går lett på norsk. To utvekslingsstudentar, Jacek frå Polen og Katie frå England, kjem inn. Dei er komne berre for eitt semester, og ingen ventar at dei skal lære seg norsk på den korte tida, for dei studerer jo eit heilt anna fag. Alle i rommet byrjar å snakke engelsk. Ingen synest det er rart. Alternativet ville vore at Jacek og Katie hadde blitt ekskluderte frå samtalen. Ein har då folkeskikk.

Nett som tospråklege barn har dei norske studentane lært seg kva tid det passar seg å bruke kva språk. Dei snakkar norsk når dei kan, og engelsk når dei må. Dei meistrar båe språka godt, og det er ikkje noko stort offer for dei å gå over til engelsk, sjølv om dei er atskillig meir fortrulege med norsk. Om Jacek og Katie forlèt seminarrommet, går dei andre over til norsk att, utan at nokon treng å kommentere det, og kan hende utan at nokon tenkjer noko særleg over det.

Parallellspråklegheit er eit prinsipp som handlar om å finne ein balanse mellom omsynet til internasjonalisering og omsynet til å hindre at engelsk tek over utsette domene (eller språkbruksområde). I ein norsk samanheng går prinsippet går ut på at både norsk og engelsk skal brukast side om side, men med ein preferanse for å halde seg til norsk der det er mogleg: Norsk når du kan, engelsk når du må! Rett språk til rett tid.

Akademia og næringslivet

Mykje tyder på at parallellspråklegheit med preferanse for norsk har vore praktisert i dei norske studie- og forskingsmiljøa i mange år. I dei seinare åra ser situasjonen ut til å ha endra seg, mellom anna med auka publikasjonspress og studentutveksling. For at det skal vere mogleg å føre den parallellspråklege praksisen vidare, trengst det difor auka merksemd mot kva ein kan gjere for å verne og styrkje han. Om dette skulle mislukkast, og engelsk ta over som dominerande språk i akademia, ville det òg bli vanskeleg å halde oss med eit oppdatert norsk fagspråk. Formidlinga av fag på norsk til andre enn forskarar og studentar ville då òg kunne kome i faresona.

I den meir internasjonaliserte delen av næringslivet gjeld òg parallellspråklegheit som eit språkpolitisk mål. For eit par år sidan lanserte Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og Språkrådet språkplakaten Språkvett for næringslivet. Prinsippet om parallellspråklegheit ligg til grunn for plakaten, som inneheld oppfordringar som «Bruk norske fagtermar, da bidreg du til å utvikle og halde oppe norsk fagspråk» og «Med norske medarbeidarar er norsk språk mest effektivt i og for bedrifta». Vi vonar at dette gode haldningsarbeidet no kan halde fram.

Språket i staten

Eit anna viktig døme på område der ein bør vere merksam på om ein bruker rett språk til rett tid, er brev og andre tekstar som statsorgana skriv. Slike tekstar skal følgje gjeldande rettskriving, dei skal vere klåre og forståelege for mottakaren, og dei skal bidra til at reglane i mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) blir følgde. Når det gjeld rettskriving, så hadde bokmål fram til 2005, og nynorsk har fram til 2012, eit system med hovudformer og klammeformer/sideformer. Staten skulle/skal halde seg til hovudformene. På klårspråksområdet er det gjort gode framskritt de siste åra i ei rekkje statsorgan, som finn gode løysingar på det dilemmaet det er å uttrykkje seg både klårt og presist på same tid. Når det gjeld mållova, gir ho ganske detaljerte reglar om kva statsorgan som skal bruke kva målform i kommunikasjon med kven. Best kjend er vel regelen om at privatpersonar som vender seg til eit statsorgan, har rett til å få svar på same målform som dei sjølve har brukt. Poenget med «rett språk til rett tid» her er at statstilsette må vere medvitne om at dei som statlege brevskrivarar er underlagde heilt andre reglar enn dei er når dei sender private brev, e-postar og tekstmeldingar.

Ingen skriv berre rett. Men alle kan velje rett språk. Det barn kan, bør byråkratar og hamburgarkjeder òg klare.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2011 | Oppdatert:19.11.2021