Språkrådet møter språkmiljø i Hallingdal

(30.8.11) – Korleis er språksituasjonen i Ål og Hallingdal nett no? Kva endrar seg, og kvifor? Kva ønskjer språkbrukarane i distriktet seg av oss? Slikt ønskjer vi å få vite meir om denne veka, seier Arnfinn M. Vonen, direktør i Språkrådet. Styret og leiinga i Språkrådet vitjar Hallingdal torsdag og fredag.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Kvart år legg Språkrådet eitt styremøte til ein stad utanfor Oslo. I år er turen komen til Ål, der det er styremøte på fredag. Dagen før skal Språkrådet ha kontaktmøte med representantar for språkbrukarmiljø i kommunen og regionen.

bilder

– Språkrådet er til for alle språkbrukarar: offentleg tilsette, næringslivet, kulturlivet og folk flest. For å kunne vere gode rådgjevarar treng vi kunnskap om kva for språklege emne som er viktigast for språkbrukarane, seier Vonen.

 

 

Frå programmet 1. september:

Møte med kommunane i Hallingdal, i samarbeid med Regionrådet
Tema: Klarspråk i tekstar frå det offentlege, målbruksplanar, stadnamn og lov om målbruk i offentleg teneste. Kva kan Språkrådet gjere for kommunane?

Møte med norskseksjonen ved Ål ungdomsskule
Tema: Kva går framlegget frå Språkrådet til ny nynorskrettskriving ut på? Kva ønskjer norsklærarane seg av tilbod for å ta den nye rettskrivinga i bruk? Kva er utfordringane i norskundervisinga i eit språkblanda område som Hallingdal? Kvifor byter elevar frå nynorsk til bokmål?

Møte med avisa Hallingdølen
Tema: Språkrådet får orientering om avisdrifta og historia. Kva for språklege utfordringar møter redaksjonen i arbeidet sitt? På kva måte kan Språkrådet vere til hjelp?

Møte med teiknspråkmiljøet på Ål folkehøyskole og kurssenter for døve
Tema: Kva betyr skulen og kurssenteret for teiknspråkmiljøet i Noreg? Fagleg orientering om teiknspråk som språk.

Om kvelden er det middag med kulturelle smakebitar frå Hallingdal for inviterte gjestar.

Pressekontakt:
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923
Sigrun Høgetveit Berg, styremedlem i Språkrådet, tlf. 977 16 120

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.08.2011 | Oppdatert:19.11.2021