Jubileumshelsing: Knud Knudsens veg til språkleg mangfald

(9.1.12) 6. januar var det 200 år sidan språkpioneren Knud Knudsen – «bokmålets far» – vart fødd. Styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, heldt denne helsinga på jubileumsarrangementet i Tvedestrand.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

«Til lykke med dagen – det er på tide å applaudere Knud Knudsens verk!

Utanfor den steindøde millionbyen Dallas, i nabobyen Duncanville, ligg eit hus i skogen. På papiret er der ingen openberr samanheng mellom den tettbygde byen Tvedestrand med sine 2283 innbyggjarar og den grisgrendte byen Duncanville med om lag 40 000 innbyggjarar. Likevel er det nettopp papiret som held desse byane saman i ein fellesskap når Knud Knudsen no blir heidra. I det store huset i den vesle skogen er der ei setning som peikar tilbake til Knud Knudsen og inn i framtida for norsk språk, nynorsk og bokmål.

På Knud Knudsens veg til dette huset kan nokre refleksjonar kome godt med om det avgjerande skiljet i eit demokrati: skiljet mellom fleirtal og mindretal.

Den som er i mindretal, må prøve å vinne støtte hos mange nok i fleirtalet, må jamleg rettferdiggjere eigne handlingar og synspunkt, og kan lite oppnå utan å vinne støtte hos andre. Å vere i mindretal kan vere både givande og krevjande. Det er stor skilnad på å vere i mindretal av og til og å vere det heile tida.

Det er ikkje alltid så greitt å vere i fleirtal heller. Den som har fleirtalet på si side, kan gjere mykje som krev lite grunngiving og rettferdiggjering, kan ta svært mykje for gitt som eit mindretal alltid må streve for å oppnå, og reflekterer i liten grad over sin eigen posisjon.

Desse orda får kanskje nokon til å tenkje på møta i Tvedestrand kommunestyre, eller på den parlamentariske situasjonen i Stortinget som var vanleg mellom 1945 og 1969, og som på ny har vore politisk kvardag sidan 2005. Tankane kunne også gå til striden i Norges Fotballforbund. Det får så vere. Her og no viser desse linjene til situasjonen for norske språkbrukarar.

Skiljet mellom fleirtal og mindretal gjer at ikkje berre nynorskbrukarane, men også bokmålsbrukarane har eit problem. Desse to gruppene av språkbrukarar lever i skiftande fleirtal og mindretal alt etter kvar dei er i Noreg. I Balestrand pregar nynorskbrukarane kvardagen, i Tvedestrand bokmålsbrukarane. I Noreg sett under eitt er det likevel ingen tvil om at nynorskbrukarane ber med seg dei vanskane eit mindretal er i. Like lite tvil er det om at bokmålsbrukarane slit med nokre av følgjene av å vere i fleirtal. Eg blir nøydd til å vise eit par av dei.

Utan Knudsens innsats hadde bokmål i dag vore noko heilt anna, skreiv Arne Torp ein gong. Ja visst, men ikkje berre bokmålet. Standardutgåva av norsk språkhistorie er at det utover på 1800-talet blei politisk nødvendig å gjere noko med det språket som skulle skrivast i Noreg. Språkbyggjarane teikna fire vegkart: La dansk bli skriftspråket i Noreg, gjer dansk til norsk ved det Einar Lundeby har kalla «den gradvise fornorskingens linje», bygg eit nytt skriftspråk ut frå ein dominerande dialekt, eller bygg eit norsk skriftspråk på summen av norske dialektar. Knud Knudsen og Ivar Aasen gjekk kvar sine vegar.

Etter kvart blei dette ein strid om å vinne fram, vinne fleirtalet, vinne framtida. Ved inngangen til 1900-talet tok både målfolk og riksmålsfolk affære for å ta språkmakta i ei tid då det var forbode å lære samisk i skulen. Før tyske troppar okkuperte landet, kjende ein del målfolk seg urokkeleg trygge på at nynorsk skulle bli einaste riksmålet i landet. Mot slutten av 1900-talet blei det hevda at det var riksmålet som hadde vunne.

I denne argumentasjonen var det minst éin fellesnemnar. Det var noko både målfolk og riksmålsfolk tok for gitt. Begge ville dei skape eit Noreg med eitt skriftspråk; den visjonen låg også i enden av Knud Knudsens veg. Ordet mangfald var den gongen i beste fall eit omgrep i biologien, ikkje ein metafor i kulturen. Spørsmålet var berre kva språk det skulle vere.

På den tida var førestellingane vage om kor mange språk det fanst i verda. I 1930-åra, tiåret då bruken av bokmål gjekk mest tilbake i skuleverket, måtte språkforskarar mobilisere mykje hemningslaus fantasi for å tenkje at det kunne finnast 3000–4000 språk på jord. Nokre tiår seinare gjekk nokre enkle reknestykke ut på at det kanskje var mellom 4000 og 8000 språk.

Her streva ein med minst to problem på ein gong.

Det eine kan forklarast med eit uttrykk bondesøner som Knudsen og Aasen var fortrulege med. Bonden lærte seg tidleg å skilje mellom klint og kveite. Språkvitskapen strevar med dette den dag i dag. Iallfall gjer dei språkvitskaplege definisjonane av det sosiale og kulturelle fenomenet språk det vanskeleg å skilje mellom språk og språk, mellom språk og dialekt.

Det andre problemet dreiar seg om kunnskap. Før 1970-åra var det ingen som systematisk og over tid kartla språka i verda. Lenge var det heller ikkje så viktig å vite kor mange språk menneskja åtte. Interessa var nok større for talet på ord i eit språk enn talet på språk. Difor kunne ingen seie nokolunde sikkert kor mange levande språk som faktisk var i bruk.

Dei som gjorde noko med det, var dei som ville spreie skrifta, Den heilage skrifta. Kring 1950 tok Summer Institute of Linguistics i Duncanville, like ved huset i skogen, til å kartleggje kva språk Bibelen ikkje var omsett til. Frå før fanst det eit visst oversyn over kva språk Bibelen eller delar av Bibelen faktisk var omsett til. I 1970-åra bestemte dette språkinstituttet seg for å kartleggje all verdas språk. Dei oppdaga fort at språkdefinisjonar som gjekk greitt i Asia og Afrika, ikkje var like opplagde i Europa. Den første oppteljinga i 1974 resulterte i dokumentert kunnskap om 5700 språk. I 2009 låg slik kunnskap føre om 6900 språk. Det vil seie at kvart femte språk som er dokumentert i dag, var lite kjent før Noreg blei ein oljenasjon.

Norsk er eitt av desse 6900 språka, men berre eitt, ikkje to.

Det språklege mangfaldet som knapt var ein idé 6. januar 1813, og som var lite meir enn ein idé 4. mars 1895, er i vår tid blitt handfast, skriftfesta røynd. Den gongen kunne nokre få høyre om eitt og anna språket. I dag kan vi høyre fleire tusen av dei. Då Knudsen døydde, var Bibelen enno ikkje omsett til det språket han ville gjere til det norske skriftspråket. I dag er Bibelen omsett til kvart tredje språk på jord.

Norsk språk er eitt av desse 2600 språka, ikkje berre eitt, men to. 

Som ein samla skriftkultur er norsk med i 2 %-samfunnet, dei to prosentane av språk som kan seiast å ha ein utvikla skriftkultur. Visst er norsk under press på nokre område, men institusjonelt er norsk eit robust språk. Igjen kjem fleirtalsproblemet til syne. Når det er slik fatt, kva har då fleirtalet å uroe seg for? Presset frå engelsk er større for bokmål enn for nynorsk, ikkje minst fordi dette presset kjem på samfunnsområde der nynorsk er vesentleg mindre brukt enn bokmål. Likevel er det mange bokmålsbrukarar som ikkje tek ansvar.

Kvifor blei aldri Knudsen ein folkehelt i eit land som gjerne held seg med både heltar og stjerner og idol? Det spørsmålet har mange stilt seg. Eg trur verken biografi eller geografi er forklaringa. I staden for å gjere eit nummer av kven som vann og kven som ikkje tapte, vil eg peike på eitt grunntrekk ved den norske språksituasjonen på 1800-talet som få har snakka om.

Frå tidleg i hundreåret hadde folk stilt både seg sjølv og andre spørsmålet om korleis språket i Noreg burde vere – både korleis det skulle talast på offentlege scener, og korleis det skulle skrivast i private rom. Der var tvil om kva som var rett å gjere. Språket stod ikkje på spel, men det språklege hegemoniet var sett i spel. Det var ikkje opplagt kven som var i fleirtal eller mindretal – slike kategoriar gjorde seg enno lite gjeldande i det unge demokratiet Noreg med avgrensa ytringsfridom. Først i 1946 kom den første meiningsmålinga om språkhaldningar. Løysinga på språkspørsmålet låg ikkje i dagen, ikkje for alle. Noreg var eit samfunn der den offentlege samtalen gradvis tok form, og der offentlegheiter blei forma og meiningar danna. Språksituasjonen var verken gitt eller låst. Nye utvegar kunne byggjast.

I denne heller opne situasjonen sa Knud Knudsen sitt, og som Ivar Aasen gjorde han sitt. Dermed oppstod ein språkpolitisk dynamikk, og den fekk slike følgjer at Knud Knudsen i dag ikkje berre kan omtalast som far til bokmålet, men også som fødselshjelpar for nynorsk. Både Aasen og Knudsen utfordra det etablerte språklege hegemoniet, og begge forkasta den danske løysinga. Dei ville begge gi verda eitt språk til. Det gjorde det lettare å vinne legitimitet også for det pekurande vesle mindretalet som alt før Knudsen døydde, var i ferd med å organisere seg til kamp for landsmålet. Når nynorskbrukarane vann fram så mykje som dei faktisk gjorde, kan det eit godt stykke på veg forklarast med at fleirtalet, alternativet, ikkje var gitt. Knudsens arbeid for norsk styrkte fleire løysingar enn hans eiga. Det opna for eit mangfald han nok ikkje hadde førestelt seg.

Organisasjonsfolk var verken Aasen eller Knudsen, men strategar var dei kvar på sitt vis. Alt i 1881 gjorde såleis Knud Knudsen framlegg om å etablere ein sprogkommitte, ei språknemnd som skulle vere eit rådgivande organ for styresmaktene. Eitt av fleire sjakktrekk frå Aasens side var å bruke ein del stortingsrepresentantar som heimelsfolk for språkobservasjonar til ordboka og grammatikken. På ein måte blei nok Knudsen oppfatta som ein del av eit fleirtal, eit hegemoni. Difor utløyste arbeidet hans inga form for organisering eller handling. Det var berre opposisjonen som organiserte seg. Det gav den nynorske ideen ei kraft som fleirtalsidear sjeldan eller aldri nyt godt av. Lenge bar denne rørsla også i seg ei sosial kraft som riksmålsbevegelsen aldri kan skuldast for å ha hatt. Knapt nokon har mobilisert på nasjonalt nivå for å bruke meir bokmål.

Knudsen forma sin strategi ut frå faglege observasjonar ved skrivebord og kateter. Aasen gjorde sine faglege observasjonar også ute i kvardagen. Mannen frå Hovdebygda hadde sjølvinnsikt nok til å vite at han hadde lite å gjere bak eit kateter og stod heller aldri på nokon talarstol, medan mannen frå Holt stod oppe ved kateter etter kateter i godt over 30 000 skuletimar. Aasen var derimot på reisefot dag etter dag, i meir enn 2700 dagar, og reiste over 25 000 km gjennom språket.

Som alle andre verbalspråk er også norsk nynorsk og norsk bokmål konstruerte av menneske. All verdas språk er utvikla gjennom omgang mellom menneske, forma gjennom minst 35 000 år. Språk er kultur, ikkje natur. Inga språkutvikling er naturleg. Å skrive er inga naturleg handling. Det er ei evne menneskja har utvikla over lang tid, like frå dei eldste grafiske innskriftene til oppdateringa av Facebook-profilen i ettermiddag.

Tal frå Unesco tyder på at minst ein milliard menneske ikkje kan lese og skrive. Som sosialt fenomen er talespråk altså meir universelt enn skriftspråk, men i utbreiing når skriftspråka lengst. Nyare historiekunnskap tyder på at i Noreg kunne dei fleste lese alt på 1700-talet, og nettopp i Knudsens og Aasens tid blei også skrivekunna ganske allmenn. At folk kunne lese, var ein føresetnad for det Ivar Aasen utretta. At dei fleste kunne skrive, var likeins ein føresetnad for Knud Knudsens verk. Både Knudsens og Aasens utvegar enda i det som i dag er moderne skriftkulturar i eit samfunn fylt av språkleg variasjon og språklege skilnader både i tale og skrift.

I heile 2012 blir det arbeidd for å feire dette språklege mangfaldet. For første gong får norske språkbrukarar ein angrefrist, same kva dei skriv, same kva dei snakkar. Det ein ikkje rekk i 2012, kan ein gjere i 2013. Då er det 200-årsjubileum for Ivar Aasen, og snart går det ut bod til all verdas innbyggjarar i Noreg om å vere med og gjere 2013 til eit nasjonalt språkår. Direktøren i Språkrådet er med i ei styringsgruppe som har brukt 200-årsdagen for Knud Knudsen til å sluttføre arbeidet med ein ambisiøs prosjektplan for Språkåret 2013. Med Ivar Aasens 200-årsjubileum som grunnlag blir strategien å skape eit raust inkluderande språkår der eitt av måla er å auke respekten for verdien av det Ivar Aasen og – Knud Knudsen – gjorde for 200 år sidan. Språkåret skal bli året som aldri tek slutt.

Utanfor Dallas, i den grisgrendte byen Duncanville, i huset i skogen ligg eit internasjonalt kulturmuseum. Der arbeider fire menneske med å få fram den rolla språk har spelt for urfolk og minoritetar. I det inste rommet, nede på golvet i ein krok i det kombinerte kjøkkenet og møterommet står ein plakat. Bak ein enkel talarstol hang ein plakat med ein tekst.

Det star skrive: No one shoud have to learn another language to hear and read God’s word. Uavhengig av livssyn og anna syn er dette ein vakker og klok visjon for moderne samfunn bygde på skriftkulturar: Ingen skal måtte lære eit anna språk for å høyre og lese det som trengst for å leve. Det var ikkje det Knud Knudsen sa, men det han gjorde, som tok eit heilt samfunn nærmare den visjonen dei fleste språksamfunn på jorda enno berre drøymer om.

Språkrådet er til for språkbrukarane. Vi skal vere der språkbrukarane er, og dei er midt i språket eller i utkanten av språket eller på utsida av eitt språk og på innsida av eit anna. I kveld gjer de i Tvedestrand eit stykke arbeid på vegner av det store fleirtalet. Det gjer de i respekt for alt norsk språk, og for det fortener de både respekt og takk. Det de gjer, er å ta regjeringa si språkmelding på alvor. De gir mål og meining til arbeidet med ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

På vegner av styre, fagråd og tilsette i Språkrådet takkar eg for den æra det er å bli invitert ved eit slikt høve, og for at vi får vere med og feire Knud Knudsens bidrag til mangfaldet av språklege skilnader og rikdom i Noreg. Året er langt, blomar visnar fort, og bøker har bokbyen Tvedestrand frå før. Difor har Språkrådet med seg ei meir handfast, men enno usynleg gåve.

Språkdagen i november kvart år er blitt den viktigaste møtestaden for språkinteresserte nordmenn. Knud Knudsens minne er ei reise verd. Språkrådet inviterer på vår rekning to representantar frå miljøet bak denne feiringa som heidersgjester ved Språkdagen 2012 i Oslo og der vere med og markere Knud Knudsens veg til språkleg mangfald.»

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.01.2012 | Oppdatert:19.11.2021