Kva veit du om språkmannen Knud Knudsen?

(5.6.12) I det siste nummeret av Språknytt får du vite meir om Knud Knudsen, bokmålets far. Du kan lese om Knud Knudsen som språkreformator, skandinavist, norsklærar og grammatikar. Dessutan får du eit innblikk i korleis Knud Knudsen påverka språket til Henrik Ibsen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Vidare kan du lese om korleis det er å vere kommunikasjonsansvarleg for Forsvarets informasjonsinfrastruktur, om arbeidet med å revidere læreplanane i norskfaget, om måten Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handterer nynorsk og bokmål på til dagleg, og om korleis Internett kan brukast som språkleg leikeplass. Bladet inneheld som vanleg spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Kort, Med andre ord og Historia bak.

   

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.06.2012 | Oppdatert:19.11.2021