Nytt og betre nettkurs i nynorsk frå Språkrådet

(28.6.12) Språkrådet lanserer i dag eit nytt nynorskkurs. Kurset rettar seg særleg mot elevar i den vidaregåande skulen og offentleg tilsette, men er ope for alle. Innhaldet er laga i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august. Kurset erstattar dei populære nynorskoppgåvene som tidlegare låg på nettstaden til Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

– Skuleelevar og statstilsette treng å meistre begge målformene i kvardagen. Vi trur det nye kurset vil gjere det enklare og meir motiverande å trene på nynorsken, seier fagkoordinator i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja.

Quiz, utfylling og omsetjing
– Dei som brukar kurset, får raske og konkrete tilbakemeldingar på kva dei kan, og kva dei må øve meir på. Øvingane er varierte, med quizoppgåver, utfyllingsoppgåver og omsetjingsoppgåver. Brukarane kan setje saman øvingsrekkjer med dei emna dei vil trene på, og dei kan slå opp i ein kortfatta nynorsk grammatikk undervegs, seier Ragnhild Ås, nettredaktør i Språkrådet.

Kurset inneheld også tips til elevane om korleis dei blir betre i nynorsk, det inneheld faktatekstar om nynorsk og undervisningstips til lærarane. Her er lenkjer til kurset og øvingane:

Ny rettskriving, nytt kurs
Øvingsoppgåvene og minigrammatikken i kurset følgjer den nye rettskrivinga for nynorsk som vert innført 1. august i år. Språkrådet har laga ein brosjyre som forklarar hovudendringane i den nye rettskrivinga. Last ned brosjyren her [pdf].

– Vi håper at mange vil bruke kurset og brosjyren til å gjere seg kjend med den nye rettskrivinga, seier Sigfrid Tvitekkja.

Pressekontakt: Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.06.2012 | Oppdatert:19.11.2021