Nordisk symposium om språket i dei nye media

(15.3.13) Symposiet, som går føre seg i København 11.–12. april 2013, tar mellom anna opp kva for konsekvensar språket i sosiale medium har for språk og språkutvikling generelt. Nettverket for språknemndene i Norden (som Språkrådet er med i) finansierer symposiet.

Symposiet tek for seg eit ganske nytt forskingsområde med nokre få eksisterande nordiske prosjekt, og målet er å inspirere til større interesse for dette forskingsområdet i Norden.

Hovudtalar: Mark Sebba, Lancaster University
Tittel:
«Potential at the edge: From monolingualism to multilingualism and writing»

Påmelding og kontakt:
Det er gratis å delta, men ein må melde seg på. Det er berre plass til 100 personar, så plassane går til dei som melder seg på først. Siste frist er 2. april 2013. Kontakt Marianne Rathje for meir informasjon (marianne.rathje@dsn.dk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2013 | Oppdatert:13.04.2021