Språkrådet inviterer til språkkafé om minoritetsspråk i Tromsø

(10.6.13) Korleis kan vi leggje til rette for og tryggje minoritetsspråk i byen på ein konstruktiv og synleg måte? Kva for utfordringar møter vi, og korleis kan befolkninga og Tromsø kommune bidra?

Velkommen til ein samtale om fleirspråklegheit i Tromsø.

I panelet sit:

  • Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet
  • Ellinor Jåma, rådsmedlem i Sámediggi / Sametinget
  • Florian Hiss, postdoktor, Universitetet i Tromsø
  • Hilde Skanke, leiar Kainun institutti / kvensk institutt
  • Magnus Mæland, Tromsø kommune, leiar for kommunens utdannings-, idretts- og kulturkomité

Leiar for paneldebatten:

  • Tove Bull, Universitetet i Tromsø, professor i nordisk språkvitskap

Stad: Radisson Blu Hotel, Tromsø, Tromsøsalen 3
Tid: Torsdag 13. juni, klokka 18.00–19.30 (dørene opnar ca. 17.45)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2013 | Oppdatert:13.04.2021