– Grip sjansen, hev kompetansen!

(29.1.15) For å hjelpe statsorgana til å oppfylle krava til fordeling av bokmål og nynorsk byr Språkrådet no på ti gratis nynorskkurs. – Alle som skriv til eit statsorgan, skal få svar i si eiga målform, og staten skal sjølv skrive på både nynorsk og bokmål. Statsorgana må sikre seg den rette kompetansen for å oppfylle dette, seier seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.

På kurset vil deltakarane få friska opp kunnskapen om både nynorsk grammatikk og nynorsk språkføring. Undervisninga vil bygge på tekstar statsorganet har sendt inn på førehand, og Språkrådet vil gi individuell tilbakemelding til dei som deltek.

Varig effekt

– For at undervisninga skal ha varig effekt, er det viktig med oppfølging. Statsorgana kan, etter nærare avtale, få hjelp av oss med nynorsktekstar etter kurset. Etter nokre månader vil vi òg spørje korleis kurset har blitt følgt opp i verksemda, seier Kristin Solbjør.

Kurset er aktuelt for alle statsorgan som skal følge målbrukskrava i lov om målbruk i offentleg teneste, blant anna direktorat, tilsyn, departement, fylkesmannsembete, domstolar og statlege helseføretak.

Søknadsfristen er 1. mars 2015.

 

Kontakt

Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, tlf. 977 69 814
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.01.2015 | Oppdatert:28.08.2015