Bruk Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett til eksamen

(3.2.15) Ei ny og enkel ordning gjer det mogleg å bruke Bokmålsordboka og Nynorskordboka til eksamen og heildagsprøver i skulen.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka er gratis tilgjengelege på Internett. Dei to ordbøkene viser gjeldande offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk, der oppslaga inneheld definisjonar, brukseksempel og bøyingsopplysningar. Ordbøkene er utarbeidde ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Mykje brukte

Ei fersk undersøking om bruk av digitale ordbøker i skulen, viser at Bokmålsordboka og Nynorskordboka er mykje brukte i ordinær undervisning i skulen, både av elevar og lærarar.

Slik gjer du det

Gjennom ei eiga ordning kan dei to ordbøkene no nyttast ved eksamen, tentamen eller andre prøver der elevane ikkje skal ha tilgang til Internett. Ordbøkene, https://ordbok.uib.no, har eit eige IP-nummer, og frå datamaskinar med eksamensnett er det enkelt å nytte ordbøkene òg utanom ordinær undervisning.

IP-nummer til ordbøkene: 129.177.6.49

Har du spørsmål, kontakt rådgivar Ingunn Indrebø Ims: ingunn.indrebo.ims@sprakradet.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.02.2015 | Oppdatert:23.11.2018