Engelsk i norske bedrifter går ut over tryggleiken

(7.3.16) 4 av 10 tillitsvalde i industrien og byggje- og anleggsbransjen meiner bruken av engelsk går ut over effektivitet og helse, miljø og tryggleik. Det kjem fram i ei ny undersøking som TNS Gallup har gjennomført på vegner av Språkrådet.

Meir enn 4 av 5 bedrifter i industrien brukar engelsk som kommunikasjonsspråk i større eller mindre grad. Halvparten av dei tillitsvalde meiner dette går ut over den interne kommunikasjonen i bedrifta, viser undersøkinga.

– Norske bedrifter bør ta signala frå dei tillitsvalde om språk som tryggleiksfaktor på alvor. Det er viktig at bedriftsleiinga har eit medvite forhold til val av arbeidsspråk i føretaket, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Ulik oppfatning blant leiarar og tillitsvalde

Føremålet med undersøkinga har vore å kartleggje i kva grad bedrifter i industrien og i byggje- og anleggsbransjen brukar engelsk som arbeidsspråk, og innanfor kva område av verksemda engelsk blir brukt. Undersøkinga er gjennomført blant bedrifter av alle storleikar.

Undersøkinga viser at omsynet til effektiv ekstern kommunikasjon og omsynet til effektiv marknadsføring er dei mest sentrale årsakene til at norske bedrifter brukar engelsk.

Det er i styreverksemd engelsk er klart mest i bruk blant bedriftene i industrien. Tillitsvalde og leiarar har ei noko ulik oppfatning av i kva grad dei tilsette blir påverka av det. Leiarane meiner dei tilsette møter engelsk i mindre grad enn det dei tillitsvalde rapporterer om. Dei tillitsvalde oppfattar òg at fleire tilsette må bruke engelsk munnleg enn det leiarane gjer.

Meir engelsk i store bedrifter

Tilsette må i mindre grad bruke skriftleg engelsk i arbeidet. Likevel gjeld kravet til å formulere seg skriftleg på engelsk vesentleg fleire tilsette i industribedrifter enn i byggje- og anleggsverksemder.

To av ti bedrifter i industrien har engelsk som offisielt arbeidsspråk, medan nesten ingen innanfor bygge- og anleggsverksemd rapporterer om det same. Norsk er likevel det mest brukte språket i norsk arbeidsliv. Undersøkinga viser òg at di større bedrifta er, di meir sannsynleg er det at engelsk er i bruk som kommunikasjonsspråk.

– Eit stort fleirtal av arbeidsinnvandrarane her i landet har ikkje engelsk som morsmål. Norskopplæring for utanlandske tilsette er derfor eit svært godt alternativ til å kommunisere på engelsk, seier Åse Wetås.

 


Kontakt i Språkrådet
direktør Åse Wetås, tlf. 915 84 933
kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.03.2016 | Oppdatert:09.03.2016