Kristin Fridtun får Språkgledeprisen 2016

No image

(20.2.16) Forfattaren, spaltisten og føredragshaldaren Kristin Fridtun får i dag Språkgledeprisen for 2016. Prisen blir delt ut under Oversatte dager på Litteraturhuset i Oslo.

– Kristin Fridtun er full av entusiasme og språkkunnskap. Den blandinga er krut! Hen skapar engasjement for språk og spreier språkglede i alt hen gjer, seier Nina Teigland, seksjonssjef i Språkrådet og jurymedlem.

Det er Språkrådet, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk Oversetterforening som deler ut prisen. Prisen skal heidre ein person i norsk offentlegheit som på kreativt vis bidrar til å spreie språkglede og skape begeistring for ulike måtar å uttrykke seg på. Prisvinnaren får 15 000 kroner og eit grafisk trykk. Kristin Fridtun bur i Bergen, og er fødd i Elverum.

Grunngjeving frå juryen

Knut Nærum fekk Språkgledeprisen i 2013. Det er andre gongen prisen blir delt ut.

I grunngjevinga for pristildelinga i år skriv juryen:

«No når Språkgledeprisen blir delt ut for andre gong, går han til ein person som på kreativt vis spreier språkglede og skapar begeistring med og for språk i den norske offentlegheita, i fleire ulike sjangrar.

Årets prisvinnar har språk både som tema og arbeidsverktøy for føredrag, ei fast avisspalte og fleire bokutgjevingar. Med stor språkleg presisjon, stilsikker eleganse og omfattande språkkunnskap utforskar prisvinnaren vanlege ord og uttrykk på uvanlege måtar: Ein klem kan vere både klam og klemmande og slik setje deg i ei lei klemme, og ein kan komme på kant med folk ved å vere på kanten, anten det er på austkanten eller vestkanten, men trekantdrama finst over alt. Juryen set pris på og priser seg lykkeleg over at prisvinnaren priser språket så prisverdig.

Kunnskapsrik og vittig, velformulert og fryktlaus gyv årets prisvinnar laus på emne som for andre er vanskelege. Prisvinnaren gjev etymologien eit lett oppkok og byr på nye utleggingar kvar veke i spalta si i Dag og Tid, Ivar Aasen blir til ein ung, attraktiv type på 22 år i føredraga hennar for skuleelevar over heile landet, og ho slår eit slag for å riste nytt liv i pronomensystemet ved å ta i bruk «hen» som kjønnsoverskridande pronomen. Hen har gjeve ut bøkene «Nynorsk for dumskallar», «Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om» og sist «Kjønn og ukjønn» – eit ordhistorisk essay om arveordet «kjønn». Det språklege engasjementet til årets prisvinnar er sterkt og allsidig, og hen spreier språkglede og begeistring til eit publikum i alle aldrar. Vi gratulerer Kristin Fridtun som vinnar av Språkgledeprisen 2016.»

Tid og stad: laurdag 20. februar kl. 18, Litteraturhuset i Oslo.

Kontakt

Anne Kirkhusmo, kommunikasjonssjef i Språkrådet, tlf. 416 74 135
Nina Teigland, seksjonssjef i Språkrådet, tlf. 412 19 779

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.02.2016 | Oppdatert:16.06.2021