Gratulerer med morsmålsdagen!

No image

(21.2.17) Den internasjonale dagen for morsmål blei innført av UNESCO i 1999 og markert for fyrste gong i 2000. Målet med dagen er å fremje det språklege og kulturelle mangfaldet i verda.

Den 21. februar 1952 vart studentar skotne og drepne av politiet i Dhaka. Grunnen var at dei demonstrerte for å få morsmålet sitt, bengali, godteke som det eine av to nasjonalspråk i det dåverande Pakistan. Dhaka er i dag hovudstaden i Bangladesh.

Det er venta at over halvparten av dei 7000 talespråka i verda vil døy ut i løpet av nokre få generasjonar. Fleire enn 6500 av desse språka vert brukte av berre fire prosent av verdsbefolkninga.

– Når morsmål forsvinn, forsvinn meir enn språk. Med språka kan også høvet til å sette seg inn i både språklege og kulturelle tradisjonar forsvinne, og det kan gjere det vanskeleg å få til global forståing, toleranse og dialog, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.02.2017 | Oppdatert:15.11.2017