Kva skal det nye norske landskapet heita?

No image

(1.4.17) For fyrste gong på over førti år skal det norske landskapet delast inn på nytt. Nitten fylke skal bli til ti. Men kva skal dei nye borna heita? Og er det klokt å kasta nemninga fylke ut med badevatnet?

Kronikk i Aftenposten 1. april 2017

I februar la regjeringa og støttepartia fram at dei er samde om å villa redusera talet på fylkeskommunar. Alt no vert fleire av dei nye einingane stundom omtala som regionar. Samstundes har me den vel innarbeidde nemninga fylke, som går over tusen år attende i tid. Fylke er avleidd av ordet folk og var opphavleg ei nemning for eit folkesett område. I ei liste frå 1300-talet er det ført opp 27 fylkesnamn. I nyare administrativ samanheng er nemninga fylke knapt hundre år, før den tid var amt nytta ein periode, og før det att len, med til dels skiftande geografisk rekkjevidd.

Region har i nyare tid vore nytta i litt ulike tydingar om eit større område. Ei nemning som Tønsberg-regionen vil visa til byen og områda rundt utan heilt klar avgrensing, og ulike statlege og private institusjonar deler ofte organisasjonen sin inn i ulike regionar. Til dømes har mange av dei ein region for Midt-Noreg, men området det viser til, kan ha ulik avgrensing. Denne ueinsarta bruken av region talar imot å innføra det som namn på politisk-administrative inndelingar av landet. Fylke er derimot eintydig i bruk om slike hovudområde i Noreg. Om dei nye og større fylkeskommunane skulle få andre oppgåver enn dei har i dag, er ikkje dette moment som i seg sjølve talar for endring av denne nemninga.

Kva namn skal dei nye fylka få?

Det er ikkje fyrste gongen dei norske inndelingsnamna vert diskuterte. I andre halvdelen av 1800-talet og fram til 1918, då dei noverande fylkesnamna vart vedtekne, kom det opp ei rad framlegg med bakgrunn i historiske områdenamn, som Raumariksfylke eller Vingulmark for Akershus og Borgafylke for Smaalenene (no Østfold). For Sogn og Fjordane var Fjordafylke aktuell kandidat, og for Møre og Romsdal (Romsdals amt) var det framlegg om at Mørafylke skulle overta, alle namn med djupe historiske røter. For det siste vart Møre innført som fylkesnamn i 1919, men avløyst av kompromissnamnet Møre og Romsdal i 1935. For båe desse to nordlege Vestlands-fylka vart det altså ein kombinasjon med to likestilte distriktsnamn.

Vestlandet 1 og Vestlandet 2? Eller Gula?

I januar i år skreiv representantar for Hordaland og Sogn og Fjordane under på ein intensjonsavtale om å slå saman dei to fylkeskommunane til eit storfylke med namnet Vestlandet. Samanslåinga skal etter planen gjelda frå 2020.

Vestlandet er i dag eit etablert namn på landsdelen som omfattar Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og (den sørlege delen av) Møre og Romsdal. Å avgrensa Vestlandet til det som i dag er to fylke bryt med tradisjonell språkbruk; for reiser ein til Vestlandet, kan målet like gjerne vera Sauda og Ørsta som Førde og Voss. Det vil oppstå ei uheldig dobbelttyding om Vestlandet både skal vera namn på eit nytt storfylke og på landsdelen som i dag går over fire fylke.

Kva skulle ein elles velja som namn på den nye eininga? Eit namn ein kunne tenkja på, er bispedømenamnet Bjørgvin, som dekkjer nettopp dei to fylka. Det er ei restituert form av det gammalnorske namnet på Bergen. Men eit bynamn som fylkesnamn er ikkje den beste erstatninga av gamle områdenamn som Hordaland og Sogn og Fjordane. Eit anna historisk namn på Vestlandet er Gulatinget, no Gulating lagmannsrett. Det femnde i gammalnorsk tid over Hordafylke, Sygnafylke og Firdafylke, altså det området som svarar til den nye regionen. Me meiner difor at Gula fylke bør vurderast som eit samlande namn.

Dei opplagde namna Trøndelag og Agder

Det er ikkje berre Vestlandet som er i ferd med å byggja opp ein ny identitet. Fleire fylkeskommunar står på dørstokken til samanslåing, slik som dei to fylkeskommunane i Agder. Der ligg det likevel betre til rette for eit fellesnamn Agder. Eit anna namn som har vore med i diskusjonen, er det yngre Sørlandet. Om folk i dei øvre bygdene som i eldre tid gjekk under namnet Råbyggjelag, kjenner seg som sørlendingar, kan variera. Men dei vil i alle fall vera egder til liks med alle andre som bur i Agder.

Ein parallell til Agder har me i Trøndelag. Her ligg det òg vel til rette å nytta Trøndelag som namn når Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag går saman. Skulle til dømes distrikta nord for Romsdalsfjorden og Bindalen i Nordland fri til Trøndelag, kunne det nyare namnet Midt-Noreg koma på tale. Men å gje slepp på eldre områdenamn vil alltid vera eit kulturelt tap.

Vika eller Viken?

For de påtenkte storfylket rundt den indre delen av Oslofjorden har namnespørsmålet vore oppe ei stund. Det gammalnorske Víkin, som er bunden form av ordet vik, har vorte gjenoppliva i fleire samanhengar i forma Viken og føreslått som namn på ein ny fylkeskommune i området. I norrøn tid var det nytta om området langs Oslofjorden og Skagerrak. Men Viken er ei form som bryt med det nedervde talemålet i området. Den naturlege forma vil vera Vika, slik som me har i alle talemåla rundt Oslofjorden. To av dei mest kjende namna med denne forma er Sandvika i Bærum og Vika i Oslo.

I diskusjonen om namn på eit eventuelt storfylke med Buskerud, Akershus og Østfold bør det òg vurderast kor godt det høver med namnet Vika. På den eine sida er vesentlege delar av sjølve vika – Oslo og Vestfold – ikkje med. På den andre sida strekkjer storfylket seg heilt opp til Hardangervidda.

Namn er historie og identitet

Det er inga lett sak å finna høvelege namn når nye større og mindre område vert skipa på tvers av gamle inndelingar. Der dei gamle områdegrensene vert brotne og nye storfylke skipa, må spørsmålet om val av namn ha høg prioritet. For namna er ein del av historia til landet og ein viktig del av identiteten til dei som bur der.

 


ÅSE WETÅS, direktør Språkrådet
BOTOLV HELLELAND, pensjonert fyrsteamanuensis og stadnamnkonsulent

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.03.2017 | Oppdatert:15.11.2017