Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

No image

(11.1.18) Stillinga som seksjonssjef i Språkrådets seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning er ledig.

Språkrådet søkjer etter ein ny seksjonssjef for seksjonen for språk i skule og offentleg forvaltning, som i dag har åtte tilsette. Seksjonen har særleg ansvar for desse arbeidsområda:

  • språk i grunnopplæringa
  • klart språk i det offentlege
  • bokmål og nynorsk i forvaltninga
  • koordinering av Språkrådets arbeid med nordisk språkforståing
  • tilsyn med oppfølging av gjeldande lovverk på språkfeltet

Seksjonssjefen er med i Språkrådets leiargruppe, leier arbeidet i sin seksjon og har både strategiske og operative oppgåver. Seksjonssjefen har budsjettansvaret for sin seksjon og personalansvar for dei tilsette i seksjonen. 

Den nye seksjonssjefen må ha

  • utdanning på minst mastergradsnivå eller tilsvarande, med språkfag i fagkrinsen
  • relevant leiarerfaring
  • dokumentert solid og relevant språkfagleg kompetanse
  • god forvaltningskompetanse

Søkjarane må ha svært gode kunnskapar i skriftleg norsk og meistra både bokmål og nynorsk på høgt nivå.

Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er god til å kommunisera, samarbeida, ta avgjerder, delegera oppgåver og motivera medarbeidarane. Erfaring med personalleiing er ønskjeleg. Personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på.

Staten legg vekt på mangfald. Ein kan søkja stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemmingar eller kulturell bakgrunn.

Stillinga blir lønt som seksjonssjef: kr 686 900–792 700.

Fleire opplysningar får du av direktør Åse Wetås, tlf. 915 84 933.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2018 | Oppdatert:30.01.2018