Ledig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar (fristen er utløpt)

(1.10.18) Har du ein sikker penn og god formidlingsevne? Brenn du for godt språk og klar kommunikasjon? Då er det kanskje deg vi ser etter.

I Språkrådet er det ledig eit vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i 12 månader, helst frå 1. november 2018. Hovudoppgåvene er klarspråksarbeid og kommunikasjonsarbeid. Rådgjevaren blir tilsett i seksjonen for skole og offentleg forvaltning, men om lag halvparten av arbeidsoppgåvene høyrer til seksjonen for kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

Tre av dei viktigaste oppgåvene for den nye rådgjevaren er:

  • å fremje klarspråk i offentleg sektor saman med kollegaer i seksjonen og eksterne samarbeidspartnarar
  • å skrive kronikkar, nyheitsartiklar til nettsidene og reportasjar til publikasjonane Statsspråk og Språknytt, og arbeide med mediekontakt og sosiale medium
  • å skrive for www.klarspråk.no og vere med på å utvikle nettstaden

Rådgjevaren skal òg ta del i andre av dei daglege oppgåvene til Språkrådet.

Kvalifikasjonar

Skal du søkje, må du ha høgare utdanning med minst eitt språkfag i fagkrinsen. Stillinga krev dokumentert erfaring frå kommunikasjonsarbeid eller journalistikk. Du må dessutan ha ein sikker penn, god formidlingsevne og solid kompetanse i begge målformer. Vi kan be deg om å dokumentere denne kompetansen. Det er eit pluss om du har erfaring med klarspråksarbeid, kunnskap om forvaltninga og kjennskap til EpiServer og nettutviklingsarbeid.

Personlege eigenskapar

Du må vere initiativrik og sjølvgåande og kunne ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Du bør ha godt humør og like utetterretta arbeid. Sidan mange av oppgåvene i stillinga krev at du samarbeider med andre miljø, må du ha særs gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • høve til å påverke utviklinga på klarspråksfeltet i Noreg
  • høve til å arbeide med både dagleg og strategisk kommunikasjonsarbeid
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • god kaffi
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Lønnsspenn kr 534 100–565 500 i året.

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Hol i CV-en er heller inga hindring for å søkje.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Margrethe Kvarenes, tlf. 22 54 19 74 / 948 94 789.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.10.2018 | Oppdatert:16.10.2018