Eit godt norsk fagspråk hevar kvaliteten

No image

(21.3.19) Årets tildelingsbrev til universiteta og høgskulane skjerpar krava til institusjonane om å arbeida for norsk fagspråk. Det sender eit tydeleg signal om at norskspråkleg kompetanse også må vera ein del av kvalitetsomgrepet i høgare utdanning.

Innlegg i Forskningspolitikk
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Først litt statistikk: Norske forskarar stod for 25 000 vitskapelege publikasjonar i 2017. Av desse var nesten 90 prosent skrivne på engelsk, medan berre 10 prosent var skrivne på norsk. I 2011 kom det 2898 publikasjonar på norsk, medan det i 2017 kom 2437 norskspråklege publika­sjonar. Det er ein nedgang på 15 prosent.

Pensumlitteraturen som blir nytta, er oftare og oftare på engelsk, i ein del tilfelle berre på engelsk, til og med for førsteårs­studentar. Stadig fleire reine engelskspråk­lege studieprogram blir etablerte. Ifølgje ei undersøking forskingsinstituttet NIFU gjorde for Språkrådet i 2018, stuper pro­sentdelen av norskspråklege master- og doktorgradsoppgåver.

Med dette som bakteppe er det ikkje sjølvsagt at norsk vil vera eit språk i bruk i universitets- og høgskulesektoren i fram­tida. Dei siste åra har internasjonalisering festa seg som sjølve målet på kvalitet i høg­are utdanning. Den rådande oppfatninga er at di betre ein er til å senda studentar og fagstab til utlandet eller til å ta imot utan­landske studentar eller tilsette, di betre blir kvaliteten. Det er likevel gode grunnar til å stilla spørsmål ved samanhengane mellom internasjonalisering og kvalitet.

Kunnskap i norsk er etterspurd i arbeidslivet

Ni av ti studentar ved norske utdannings­institusjonar går ut i ein norsk arbeids­marknad. Ifølgje undersøkinga til NIFU vender dessutan fire av fem studentar som reiser utanlands for å arbeida, attende for å ta seg jobb i Noreg.

I tillegg veit me at kompetanse i norsk står høgt på ønskjelista til norske arbeids­gjevarar: NHOs kompetansebarometer for 2018 viser at 80 prosent av medlemsverk­semdene deira meiner det er viktig at nye medarbeidarar har god kunnskap i norsk språk – skriftleg og munnleg. Kompetanse i framandspråk som engelsk og tysk er også etterspurd av ca. 50 prosent av verksemdene.

Signala frå arbeidslivet er tydelege: Ein treng folk som kan faget sitt på norsk. Samstundes skal vitskapen vera internasjo­nal, og difor er arbeidet med internasjona­lisering i denne sektoren både viktig og ønskjeleg. Engelsk fagspråk har ein natur­leg plass i studie- og arbeidskvardagen.

Men ein må ha to tankar i hovudet samstundes: Institusjonane må òg ta an­svaret for norsk fagspråk på alvor. Utdan­ninga og fagkunnskapen dei tilbyr, må vera relevant for samfunnet. Målet må di­for vera at norske høgskular og universitet blir best i verda på å balansera mellom omsynet til internasjonalisering på den eine sida og omsynet til norsk fagspråk på den andre sida.

Alt heng saman med alt

For fagspråket vårt lever i eit krinsløp. Språket verkar i eit samspel mellom utdan­ning, arbeidsliv og samfunn, og det sikrar at me kan kommunisera mest mogleg pre­sist med kvarandre. Faguttrykka som stu­dentane lærer og forskarane formidlar, blir brukte vidare utanfor universitetssektoren.

Me treng å kunna uttrykkja oss presist i arbeidskvardagen, anten det er til kolle­gaer eller til kundar, klientar, brukarar el­ler pasientar. Me treng det fagspråket som spring ut av forskinga, for å kunna ha ein opplyst samfunnsdebatt og ei kunnskaps­basert politikkutforming på alle fagfelt, frå bioteknologi til barnevern. Og studentane treng fagspråket for at kunnskapen ikkje skal bli taus.

Språket og kunnskapen studentane får gjennom studiet, må henga saman, og språkkompetansen må vera ein integrert del av fagkompetansen. Dersom ein del av eit krinsløp blir svekt, vil det få konse­kvensar for resten av krinsløpet. Dette gjeld i høgaste grad også fagspråkskrinslø­pet. Og til sjuande og sist handlar dette om å ha solide bærebjelkar i eit opplyst, demo­kratisk samfunn.

Universiteta og utviklinga for norsk fagspråk

Universiteta og høgskulane har ei strategisk viktig rolle som forvaltarar av norsk fag­språk, og difor er det viktige ansvaret for vedlikehald og utvikling av norsk fagspråk nedfelt i universitets- og høgskulelova.

I årets tildelingsbrev til institusjonane viser forskingsministeren eigarstyring ved å be institusjonane om å følgja særleg med på utviklinga av norsk fagspråk og å setja inn tiltak dersom det er nødvendig:

«Universitetene og høyskolene har et lovpålagt ansvar for norsk som fag­språk, og institusjonene skal utarbeide egne språkstrategier. Internasjonaliserin­gen av forskningen og den økende bruken av engelsk gjør det nødvendig å ha særlig oppmerksomhet om dette arbeidet. Depar­tementet ber om at institusjonene følger utviklingen for norsk som fagspråk og vur­derer behovet for å sette inn tiltak.»

Bestillinga frå departementet er klår. Ein kan ikkje halda fram med å berre måla kor god ein er i internasjonalisering. Det er på tide å utvida kvalitetsomgrepet til å gjelda kor god ein kan bli til å kommuni­sera fagkunnskapen, anten som forskar el­ler som student, på både norsk og engelsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.03.2019 | Oppdatert:09.08.2019