Språkprisen 2019

No image

(11.3.19) Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk. I år står nynorsk for tur.

Prisen blir gjeven for einskildverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller grupper (institusjonar, bedrifter, organisasjonar). Kandidatar til prisane kan koma frå næringsliv, forsking, undervisning (læremiddel), forvaltning, presse, teknologi, kulturliv (f.eks. bloggar) osv.

Har du ein kandidat?

Alle kan nominera kandidatar til Språkprisen. Send framlegget ditt med ei kort grunngjeving til post@sprakradet.no innan 12. april.

Prisen blir delt ut 20. november 2019 på Litteraturhuset i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2019 | Oppdatert:14.08.2019