Stadig fleire brukar ordbøkene på mobilen

No image

(31.1.19) Kvart tredje av 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018 vart gjort i appen Ordbøkene. Appen vart lansert hausten 2017 og har slått godt gjennom på kort tid.

Ein ny versjon av Ordbøkene vart sleppt 17. januar i år. I den forbetra utgåva kan ein mellom anna slå opp ord frå andre appar, endre skriftstorleiken og lagre ord til ei favorittliste. Sidan hausten 2017 har appen blitt lasta ned over 70 000 gonger og har opp mot 4 000 brukarar dagleg. Vi ser at appen hjelper ordbøkene til å nå nye brukargrupper.

– Lærarar har fortalt om elevar som ikkje har brukt ordbøkene på nett, men som brukar appen. Vi oppfordrar fleire lærarar til å motivere elevane sine til å prøve appen, seier Margunn Rauset ved Universitetet i Bergen.

– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å bli trygge språkbrukarar, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Gratis ordbøker på nett er viktig

4 av 10 nordmenn brukar Bokmålsordboka og Nynorskordboka, viser ei undersøking Opinion har gjennomført for Språkrådet. 77 prosent av dei som har brukt ordbøkene, er fornøgde med dei. 71 prosent av dei spurde i undersøkinga meiner det er viktig at det finst gratis ordbøker på nett.

– Tala viser at Bokmålsordboka og Nynorskordboka er viktige ressursar. Ordbøkene hadde ikkje hatt 125 000 søk dagleg om folk ikkje var fornøgde, seier Margunn Rauset.

– Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei hovudkanalane Språkrådet har for å formidle normene i bokmål og nynorsk. Det er gledeleg at brukarane vender seg til desse ordbøkene for å finne ut korleis ord blir skrivne og bøygde, seier Åse Wetås.

Resultata frå undersøkinga er eit godt utgangspunkt for arbeidet med å revidere ordbøkene. I løpet av ein femårsperiode skal innhaldet i ordbøkene oppdaterast. Parallelt med revisjonen skal designet på nettordbøkene fornyast.

Språkrådet og Universitetet i Bergen eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap.

 

Kontakt:

Anne Kirkhusmo, kommunikasjonssjef i Språkrådet, tlf. 416 74 135
Margunn Rauset, hovudredaktør for revisjonen av ordbøkene, UiB, tlf. 55 58 24 63
Peder Gammeltoft, fagleg leiar for Språksamlingane, UiB, tlf. 453 73 097

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.01.2019 | Oppdatert:28.06.2023