Desse fire kommunane kan vinne prisen Årets nynorskkommune 2020

No image

(15.10.20) Hareid kommune, Kvinnherad kommune, Sunnfjord kommune og Voss herad er finalistane i årets tevling, som har god koronainformasjon som tema. Prisen, som er på 100 000 kroner, blir delt ut av kulturministeren.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I år har juryen prioritert kommunar og fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

– Vi har fått inn mange gode søknader frå både små og store nynorskkommunar i år. Det er oppløftande å sjå så mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane. Samtidig gjer det arbeidet med å velje ut priskandidatar vanskeleg. Etter ei samla vurdering av nynorskarbeidet i kommunane har juryen landa på fire verdige kandidatar til prisen Årets nynorskkommune 2020, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.     

Juryen noterer seg at alle dei nominerte kandidatane har jobba godt med å tilby innbyggjarane klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. Fleire kommunar har vore kreative i val av informasjonskanalar. Nokre kommunar har lagt ned eit særleg stort arbeid i å omsetje informasjon frå nasjonalt hald frå bokmål til nynorsk.

– Dei nominerte nynorskkommunane imponerer med god koronainformasjon i eigne kanalar, seier Kvarenes. Diverre er nesten all koronainformasjon frå nasjonalt hald på bokmål. Det er ikkje god samfunnsøkonomi at mange kommunar må omsetje informasjon frå sentrale styresmakter til nynorsk. Dei færraste har ressursar til det, og til sjuande og sist er det innbyggjarane som tek rekninga i form av brot på rettane deira.

God praksis på fleire frontar

Hareid kommune og Kvinnherad kommune utmerkjer seg særleg i arbeidet med integrering og opplæring. Kvinnherad kommune er ein føregangskommune i arbeidet med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I Hareid kommune får arbeidsinnvandrarar no tilbod om gratis nynorskopplæring.

Sunnfjord kommune har vore særs aktiv med nynorsk klarspråksarbeid. Voss herad har sett den digitale røynda på dagsordenen og har arbeidd aktivt for at digitale plattformer og læremiddel i kommunen skal vere på nynorsk. I Sunnfjord og Voss gjer dei også mykje godt nynorskarbeid som når langt utover kommunegrensene. 

Påmelding til prisutdelinga

Prisutdelinga vil finne stad i Målstova på Nasjonalbiblioteket i Oslo 30. oktober, kl. 12.30–13.30.

Du melder deg på ved å fylle ut dette elektroniske skjemaet.

Påmeldingsfristen er 29. oktober.

Det er avgrensa med plass på prisutdelinga. Her gjeld førstemann-til-mølla-prinsippet, og du får beskjed etter 26. oktober om du har fått plass.

Har du spørsmål? Ta kontakt med seniorrådgjevar helene.karlsen@sprakradet.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2020 | Oppdatert:23.10.2020