Jakta på det perfekte namnet

No image

(19.9.20) Kor herleg ville det vel ikkje vera om det fanst eit kort, enkelt og presist nytt namn på fylkesmannsembeta som berre venta på å bli teke i bruk? Eit namn som alle meinte var midt i blinken, som var like høveleg i lover og forskrifter som i dagleg omtale av statens øvste representant i fylka, og som eliminerte all fare for forveksling med andre offentlege organ.

Kronikk i Dagens Næringsliv
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland i Oslo og Viken og fylkesmann Knut Storberget i Innlandet tek i saka «Jeg vil helst bli kalt guvernør!» på nrk.no 6. september til orde for å bruka guvernør om statens øvste representant i fylka. Haugland er «veldig skuffa» over at Språkrådet ikkje deler begeistringa for namnet. Storberget på si side er sitert på at «Språkrådet har misforstått vår rolle totalt». Misforståinga kan visstnok lesast ut av at framlegga Språkrådet peikar på, ikkje reflekterer at statens embetsperson også skal «ta lokale initiativ oppover mot staten» – i motsetnad til guvernør, slik han ser det.

Til dette er det mykje å seia. I tilrådinga vår til departementet skulle det vera særs tydeleg at me har forstått dei ulike rollene fylkesmannen har. Ei viktig saksopplysning er òg at fylkesmennene sjølv har ønskt seg eit namn som tydelegare reflekterer at embetet er ei statleg styresmakt. Guvernør framstår i dette biletet ikkje som eit godt alternativ. Det har korkje statlege eller regionale element i seg, men eit tydingsinnhald som peikar på at leiaren styrer eit område. Altså nett den tydinga som fylkesmannen i Innlandet ikkje vil ha. At ordet guvernør i norsk elles blir forbunde med gammalt europeisk kolonistyre eller folkevalde administrasjonsleiarar i USA, taler også mot å velja den tittelen.

Det er i tillegg vanskeleg å få guvernør-tittelen til å passa saman med eit nytt namn på sjølve embetet. Kva skulle det i så fall vera? Guvernement burde i alle fall vera heilt utelukka.

Språkrådets rolle

Når statlege verksemder får nytt namn, skal Språkrådet som statens fagorgan for språk involverast på eit tidleg steg i namneprosessen. Etter ein del uheldige statlege namneprosessar dei seinare åra er nå plikta til å konsultera Språkrådet nedfelt i framlegget til ny språklov. Språkrådet har språk- og namnefagleg kompetanse til å rettleia i kva namneval som er i tråd med språkpolitikken og med rettskrivingsreglane for norsk. Rollefordelinga er klar: Språkrådet gjer greie for kva som er dei absolutte krava til eit nytt namn og kjem med faglege råd til kva som vil vera gode eller dårlege val. Statsorganet eller departementet gjer vedtak.

Å finna gode nye namn på etablerte statlege verksemder er alltid vanskeleg. Særleg komplisert er det i tilfelle der det gamle namnet er godt innarbeidd, og der verksemda har eit omfattande sett med oppgåver og funksjonar. Ønska kan trekkja i mange retningar. Det nye namnet skal vera enkelt å forstå for borgarane. Det bør ikkje ha eit innhald som er for utflytande, men det skal heller ikkje vera så smalt at det berre er dekkjande for ein liten del av verksemda. For statlege namn er det i tillegg eit uomgjengeleg krav at dei skal vera på norsk, og at dei høver på både bokmål og nynorsk.

God dialog og klare bestillingar

Namnebytesaker tener stort på tidleg dialog og klare bestillingar. Språkrådet vil gje ros til KMD for ein god prosess i arbeidet med å finna nytt namn til fylkesmannsembeta så langt. Tilsette og publikum har fått komma med innspel, og Språkrådet vart såpass tidleg bede om å gje språkfaglege og namnefaglege råd at avgjerda ikkje i røynda allereie var teken. Me følgjer gjerne opp dei språkfaglege sidene av saka vidare mot den endelege avgjerda om nytt namn.

Det endelege valet kjem neppe umiddelbart til å falla i like god smak hos alle. Ei trøyst er at det som regel tek svært kort tid før eit nytt namn er etablert og i allmenn bruk. Som Shakespeares Julie så presist seier det: «Det som vi kallar rose, vil ange like søtt med anna namn.» Det viktigaste nå er å finna eit namn som er klart og tydeleg, høveleg for embetet og i tråd med god norsk namneskikk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.09.2020 | Oppdatert:19.09.2020