Ledig stilling i Språkrådet (søknadsfristen er ute)

No image

I Språkrådet er det frå 1. februar 2021 ledig eit tolv månaders vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning.

Den som blir tilsett i vikariatet, skal arbeide for å nå dei språkpolitiske måla for opplæringa i skolen og for nynorskbruken i statsforvaltninga.

Seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning har eit særleg ansvar for språkopplæring, klarspråk, nasjonale minoritetsspråk, nordisk språkforståing og bokmål og nynorsk i forvaltninga.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.11.2020 | Oppdatert:10.08.2022