Statsspråk: Klarspråksjuristar for framtida
(11.2.20) Korleis skal ein regulere bruken av elsparkesyklar? Kva føresegner bør vera med i ei klimalov for kommunane? Dette er to av problemstillingane det fyrste kullet med jusstudentar som har prøvd seg som lovskrivarar ved Universitetet i Oslo, har grubla over.
I nyaste Statsspråk kan du lese om korleis jusstudentar arbeider med klarspråk i lovspråk, om korleis du lagar perfekte, publikumsvennlege punktlister og om kva kommunereforma kan bety for deg som statsskribent.