– Kvart einaste menneske har ei stor historie, seier språkprisvinnar Katrine Sele

No image

(23.10.21) Laurdag 23. oktober tok Katrine Sele imot Språkprisen. Ho får prisen for bøkene Jølster hotell og Einars bok.

– Fordi eg er lokaljournalist, er eg trent på å finne gode saker i nærmiljøet. Slik har eg vorte oppteken av livshistorier. Kvart einaste menneske går rundt med ei stor historie. Ein kunne skrive ein biografi om absolutt alle menneske, sa Katrine Sele i samtale med Kaja Schjerven Mollerin under utdelinga av Språkprisen.

– Eg prøver å tilpasse språket etter dei eg skriv om. Eg må la andre menneske fortelja med si eiga stemme og sine eigne ord. Kvardagsspråket er eit ideal for meg. Samtidig likar eg det pompøse og lyriske! (Foto: John Erik Bøe Lindgren)

– Ein legg merke til det enkle språket ditt. Men alle som har skrive ein del, veit at det er svært vanskeleg å skrive enkelt. (Foto: John Erik Bøe Lindgren)

– Du er tydeleg til stades i bøkene dine, men du står aldri i vegen for dei menneska du skriv om, sa Håkon Kolmannskog frå Samlaget. (Foto: John Erik Bøe Lindgren)

– Språkprisen skal vise at norsk ikkje står tilbake for andre språk. Vi treng forfattarar som røktar og gjev merksemd til det verdifulle sakprosaspråket. Det er grunnleggjande for den opplyste samfunnsdebatten, sa Åse Wetås. (Foto: John Erik Bøe Lindgren)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.10.2021 | Oppdatert:03.01.2022