Ål er årets nynorskkommune

No image

(22.11.21) Ål kommune ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval. Difor er det ekstra viktig at kommunen legg til rette for at innbyggjarane skal få møte og bruke nynorsk, meiner juryen.

Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke. I Viken har tre av i alt 51 kommunar nynorsk målvedtak. To av dei ligg i Hallingdal.

– I ei tid der reformar, stordriftsfordelar og interkommunalt samarbeid er fyndord, er det viktigare enn nokon gong for ein kommune som Ål å styrkje lokalsamfunnet gjennom felles språk, historie og identitet. Elles kan Ål som randområde for nynorsk skriftspråk drukne i møte med fylket og nabokommunane, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

I år er det Ål sin tur

I finalen hadde Ål kommune sterk konkurranse frå Herøy, Stad og Kvinnherad kommunar. Desse tre kommunane, som alle ligg i trygge nynorskområde, syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Likevel er det Ål kommune som trekkjer det lengste strået. Kommunen har alt på stell, med målbruksplan og språkmålsetjingar i planverk og strategidokument, og arbeider systematisk med næringsliv, kulturliv, skule, barnehage og kommuneadministrasjon for å styrkje nynorsk som bruksspråk. Kommunen imponerer særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringsliv.

«Tiltaka gjev resultat: Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Prisutdeling i Oslo

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel, delte ut prisen på vegner av kulturministeren på eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

 

Kontakt:

kommunikasjonssjef i Språkrådet, Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82
juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.11.2021 | Oppdatert:03.01.2022