Aust mot vest i kampen om å bli årets nynorskkommune

No image

(12.11.21) Dei tre vestlandskommunane Herøy, Kvinnherad og Stad konkurrerer om å få prisen Årets nynorskkommune 2021. I finalen blir dei utfordra frå aust av Ål kommune i Hallingdal.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

– Det har vore sterk konkurranse om prisen i år. Fire kandidatar er med på oppløpssida, alle med sterke tiltak for å tryggje nynorsk som bruksspråk på viktige samfunnsområde, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Kvarenes leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Kjerneområde mot randsone

Tre av dei fire nominerte kommunane ligg i trygge nynorskområde. Herøy i Møre og Romsdal og Kvinnherad og Stad i Vestland syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Herøy syner til gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk. Kvinnherad syner òg til slitesterke tiltak over tid og skal særleg ha ros for å vere medviten om tilhøvet mellom integrering og språkbruk. Stad kommune har gode rutinar for systematisk arbeid, og kommunen viser til særleg gode og varierte kulturtilbod på nynorsk.

Ål er utsidaren i årets finale. Kommunen ligg i Hallingdal i Viken, der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, slik det er i kjerneområda for nynorsk. Ål kommune viser at dei lokale tiltaka for å styrkje nynorsken er trygt forankra i det kommunale planverket. I praksis imponerer kommunen særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringslivet.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen deler ut prisen

Prisutdelinga skjer på eit ope arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november, i Bernerkjellaren klokka 09.45. Prisen, som er på 100 000 kroner, blir delt ut av Kulturdepartementet.

 

Kontakt:

kommunikasjonssjef i Språkrådet, Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82
juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.11.2021 | Oppdatert:03.01.2022