Pris gav språkleg sjølvtillit

No image

(8.4.21) Da Kristin Fridtun fekk Språkrådets språkpris i 2019, trong ho ikkje lenger å prove at ho er flink med språk.

Kristin Fridtun var i gang med å etablere seg som skribent da ho var i byrjinga av 20-åra. På denne tida tenkte ho mykje på skriveevnene sine: Det å vera god til å skrive var ein del av sjølvbildet hennar. Men di meir etablert ho blir som forfattar, di mindre tenkjer ho på slikt.

– Da eg fekk prisen, fekk eg verkeleg eit prov på at eg er ein dugande skrivar. Det treng eg ikkje å vise fram lenger, eg kan konsentrere meg om andre ting. Det er litt som å vinne hoppveka. Da treng du ikkje brife med at du er god til å hoppe, alle veit jo det! Slik sett har prisen hatt ein psykologisk effekt, fortel Fridtun.

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fridtun fekk prisen for bøkene Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse (2019). Juryen meinte mellom anna at Fridtun har markert seg som ein produktiv forfattar og samfunnsdebattant med særs god formidlingsevne og stor språkglede.

Metaforar og irritasjon

Da Fridtun skreiv boka Språket er ei bukse, som handlar om metaforar i språkdebatten, fekk ho ideen til eit nytt tema å fordjupe seg i, nemleg irritasjon.

– Da eg studerte metaforbruk i norsk språkdebatt, brukte eg ein del tid i ymse kommentarfelt og diskusjonsforum. Mange av innlegga handla om språklege irritasjonsmoment. Eg brukte ikkje så mykje av dette materialet i Språket er ei bukse, men det var til stor inspirasjon da eg skulle velja tema for folketalen min på litteraturfestivalen på Lillehammer i 2018. «Kvifor irriterer me oss over skrivefeil?» var overskrifta. Det fengde enormt!

Fridtun fortel at ho fekk mykje merksemd, og journalistar ville ha intervju med henne allereie før ho hadde halde talen.

– Eg skjønte at eg hadde treft ein nerve. Mange har registrert at det er irriterande med skrivefeil, men det er ikkje så mange som har spurt kvifor ein irriterer seg. Det var noko forfriskande over den tilnærminga.

Forlaget hennar spurde om ho ville skrive ei bok om temaet, og det ville ho sjølvsagt. Resultatet er boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil, som kjem ut i april 2021.

Viktig bidrag i koronaåret

Språkprisen er eit kunstverk og 100 000 kroner. Fridtun seier at prispengane kom ekstra godt med i eit år der mange oppdrag vart avlyste.

– Prispengane gjorde at eg fekk meir tid til skriving, og dei bidrog iallfall til at 2020 ikkje vart eit elendig år. I 2020 sat eg stort sett og skreiv på boka og hadde lite inntekt. Eg hadde litt stipendmidlar, men ikkje så mykje som eg trong. Prispengane gjorde at eg kunne sitja og skrive utan å uroe meg for økonomien.

Da Fridtun vart intervjua i lokalavisa om utdelinga av prisen, trekte ho fram at det var bra at det følgde med pengar. Det er fint med ære og skryt, men forfattarar, som alle andre, treng pengar for å leva.

– Overskrifta på artikkelen vart «Penga betyr mest», he-he. Det vart endra etter kvart, men artikkelen var den mest lesne artikkelen i nettavisa den føremiddagen. Eg vart veldig glad for prisen. Det er stas. Nå står eg i ei rekkje med mange andre kule folk som har fått prisen før meg. Det er ei god rekkje å vera i.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.04.2021 | Oppdatert:30.06.2021