Språkprisen 2021

No image

(1.3.21) Har du lese framifrå nynorsk i sakprosa i det siste? Nominer forfattaren til Språkrådets språkpris. Alle kan nominere. Prisen er på 100 000 kroner.

Kvar haust deler Språkrådet ut ein pris på 100 000 kroner for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut for bokmål og nynorsk annakvart år. I år står nynorsk for tur.

Vi ønskjer kandidatar frå alle samfunnsområde – personar eller grupper, verksemder, organisasjonar og institusjonar, både i næringslivet og i offentleg forvaltning.

Vi vurderer framlegg om god, klargjerande og sjølvstendig språkbruk i alle sjangervariantar av prosa – frå lærebøker, vekepresse, nettstader og avhandlingar til smale, polemiserande eller argumenterande avisspalter og breie, forteljande biografiar.

Prisen kan gå til eit einskildverk eller til ein samla produksjon, men avgrensa til dei fem siste åra.

I fjor vann Torgrim Eggen, og året før fekk Kristin Fridtun prisen.

Alle kan nominere kandidatar til Språkrådets språkpris. Send framlegget ditt med ei kort grunngjeving til post@sprakradet.no innan 18. april.

Prisen blir delt ut 23. oktober 2021 under NFFOs sakprosafestival på Litteraturhuset i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.03.2021 | Oppdatert:30.06.2021