Odd-Inge Schrøder og Olle Eriksen får teiknspråkprisen 2022

No image

(24.9.22) Teiknspråkprisen 2022 går til Odd-Inge Schrøder og Olle Eriksen, to nestorar som på kvar sin kant har jobba for å synleggjera og heva kunnskapen om norsk teiknspråk og for å gi teiknspråkbrukarane betre tilgang til språket.

Juryen for Språkrådets teiknspråkpris 2022 har bestemt at prisen i år skal delast på to likeverdige kandidatar. Dei to har gjennom eit langt liv bidratt til å fremma, bevara og utvikla norsk teiknspråk. Dei to som får prisen, er dedikerte fagpersonar som har brukt mykje tid på å utvikla faga sine og norsk teiknspråk og utvikla teiknspråkmateriell. I dag er dei begge kloke, aktive pensjonistar som ikkje kviler på laurbæra, og dei er begge framleis aktive bidragsytarar i teiknspråkmiljøet både nasjonalt og globalt.

Olle Eriksen, Odd-Inge Schrøder og konferansier Camilla Høiberg

Odd-Inge Schrøder

Odd-Inge Schrøder har vore eit forbilde for mange døve og høyrslehemma teiknspråklege. Han kjempa tidleg mot forsøka på fornorska norsk teiknspråk gjennom utvikling av ein ny «standard» for teiknspråk med såkalla logiske, vakre og meiningsberande teikn.

Som teiknspråklærar og seinare førsteamanuensis ved Oslomet, den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, og Universitetet i Oslo, Institutt for spesialpedagogikk, har han vore med på å oppretta, utvikla og gjennomføra undervisning i norsk teiknspråk på grunnfags- og mellomfagsnivå for teiknspråklege studentar.

I tillegg har Odd-Inge skrive og gitt ut fleire bøker, artiklar og hefte om norsk teiknspråk. Han har òg utvikla faget døves historie med fleire publikasjonar, mellom anna om Oslo døveforenings historie og om korleis døve levde på 1800–1900-talet. Han har òg bidratt i manusarbeid ved Teater Manu. Odd-Inge har, med dei tallause bidraga sine og med forskinga si, gitt eit godt tilskot av dokumentasjon til døvehistoria og norsk teiknspråk.

Olle Eriksen

Med stor interesse for norsk teiknspråk og med ein unik teknisk kompetanse byrja Olle Eriksen arbeidet med å utvikla ei digital teiknordbok, kalla «Glosebok for døve», allereie tidleg i 1980-åra. I 1995 gjekk han inn i stillinga som avdelingsleiar ved Møller kompetansesenter i Trondheim. Oppgåva hans var å bygga opp ei utviklingsavdeling som skulle utvikla og produsera digitale læremiddel og læringsressursar i og på norsk teiknspråk.

Olle bygde opp eit utviklingsmiljø som vart banebrytande, også i internasjonal samanheng. Han var ein føregangsmann når det gjaldt å tilsetta døve medarbeidarar. For at den teiknspråklege formidlinga skulle bli så god som mogleg, bygde han opp ei avdeling med utviklarar, pedagogar og andre fagpersonar med teiknspråk som førstespråk.

Olle Eriksen har bygd opp eit solid fagmiljø som har mykje å seie for teiknspråklege elevar og for teiknspråkopplæringa, og eit fagmiljø som lever vidare hos Statped, i avdeling læremiddel – teiknspråk.

 

Prisen vart delt ut 23. september i samband med FNs internasjonale dag for teiknspråk. Prisen er på 25 000 kroner. Prisen vert delt ut annakvart år.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.09.2022 | Oppdatert:13.10.2022