Vitskapleg tilsett? Vi vil høyre om erfaringane dine med norsk fagspråk

No image

(7.10.22) Korleis blir det norske fagspråket teke vare på og utvikla av dei som underviser og forskar ved universiteta og høgskulane våre? Det ønskjer Språkrådet å få svar på i ei spørjeundersøking i haust.

Bakgrunnen for undersøkinga er at universiteta og høgskulane har eit særskilt ansvar, nedfelt i universitets- og høgskulelova, for å vedlikehalde og vidareutvikle det norske fagspråket.

Universiteta og høgskulane har vedteke språkpolitiske retningslinjer som legg eit grunnlag for at dei kan følgje opp det lovpålagde ansvaret for norsk fagspråk. Men det finst for lite systematisk kunnskap om kva som blir gjort innanfor dei ulike fagområda og dei ulike utdanningane. Vi veit òg for lite om kva vilkår dei vitskapleg tilsette har for å drive med aktivitetar som kan styrkje det norske fagspråket.

Undersøkinga som er ute nå, skal derfor blant anna gje svar på

  • i kva grad vitskapleg tilsette skriv fagtekstar på norsk og engelsk, og i kva for sjangrar dei skriv
  • om dei tilsette opplever at dei har gode vilkår for å skrive fagtekstar på norsk
  • i kva grad dei tilsette formidlar norske fagord til studentane sine
  • om dei tilsette tek del i utvikling av norsk terminologi innanfor faget sitt

Fleire av problemstillingane i undersøkinga er dei same som doktorgradsstipendiat Anniken Hotvedt Sundby tok opp i eit innlegg i Khrono 3. oktober.

Universiteta og høgskulane kan bruke resultata frå undersøkinga til å målrette arbeidet sitt med norsk fagspråk. Dei kan òg bruke resultata når dei skal rapportere om språkarbeidet sitt til Kunnskapsdepartementet, slik dei er blitt pålagde å gjere ifølgje tildelingsbreva frå departementet for 2022.

Språkrådet gjennomfører undersøkinga i samarbeid med Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Språksamlingane driv Termportalen, som er ein nettportal der ein kan søkje fram norske fagtermar innanfor ei rekkje fag, og der fagmiljø kan publisere termar innanfor faget sitt. Undersøkinga inneheld derfor òg nokre spørsmål om bruk av og kjennskap til Termportalen.

Undersøkinga, som rettar seg mot dei vitskapleg tilsette i sektoren, vart lansert i midten av september og er open til 19. oktober. Ho vart send ut til mellomleiarar ved dei offentlege universiteta og høgskulane med oppmoding om å distribuere ho vidare til dei vitskapleg tilsette.

For at undersøkinga skal gje pålitelege resultat, må så mange som mogleg svare. Språkrådet håpar derfor at alle vitskapleg tilsette som har fått undersøkinga, vil svare, og at dei som ikkje har fått ho, etterspør ho hos leiinga si.

Foto: Sarah Noltner / Unsplash

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.10.2022 | Oppdatert:13.10.2022