Allvêrsjakke, antiskrens og aioli

No image

(8.2.23) Nyord er med på å endre språk. Dei fleste nyorda blir danna spontant av språkbrukarane sjølve, ofte som resultat av at det er behov for ord som ikkje finst frå før. Mange av nyorda har kort levetid, medan andre kjem inn i allmennspråket og etter kvart inn i ordbøkene. Ei undersøking som nyleg er gjord av nyord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, viser kvar orda kjem frå, kva som kjenneteiknar dei, og korleis dei blir normerte.

AV KNUT E. KARLSEN OG DAGFINN RØDNINGEN, seniorrådgjevarar i Språkrådet

Nyord i norsk

Alle levande språk er i stadig endring. I somme periodar i språkutviklinga skjer det ikkje så mykje, medan andre periodar er prega av at mykje endrar seg over forholdsvis stutt tid.

Ein naturleg del i fornyinga av språk er at gamle ord går or bruk fordi det ikkje lenger er behov for dei. Endringar i samfunnsforhold ligg oftast bak denne utviklinga. Samstundes blir det danna og teke i bruk nye ord fordi samfunnsutviklinga skaper behov for ord vi ikkje har hatt tidlegare. Nyord blir oftast danna spontant blant språkbrukarane sjølve, eller dei blir henta inn som importord frå andre språk.

Berre i få tilfelle ligg det planlegging og formelle vedtak bak eit nyord. Ofte er det snakk om fagspråk og terminologi, fordi fagmiljøa er avhengige av høg presisjon og god indre samanheng i ordforrådet på fagområdet. I Noreg er det fagmiljøa sjølve som i samarbeid med Språkrådet utarbeider eller godkjenner terminologi på norsk.

Nyord i allmennspråket blir i regelen til utan at eit formelt organ sit og lagar dei. Det finst heller inga godkjenningsordning for nyord i Noreg. Språkrådet registrerer nyord som dukkar opp i språket, men det vil ikkje seie at orda blir godkjende, eller at Språkrådet bestemmer om dei skal inn i ordbøkene. Først når dei nye orda har etablert seg i allmennspråket og blitt brukte over tid, er det aktuelt å ta dei inn i ordbøkene. Det er redaksjonen i kvar einskild ordbok som avgjer kva for ord som skal takast inn. Men når eit ord skal inn i ordboka, er det Språkrådet som normerer, det vil seie fastset skrive- og bøyingsmåten, om nødvendig.

Kor stor del av alle nyorda som etablerer seg i allmennspråket, finst det ikkje sikre tal på, men det er grunn til å tru at mange nyord er døgnfluger med kort levetid. Då vil dei truleg ikkje bli fanga opp av allmennordbøkene. Språkrådet har tidlegare vore med på å kartleggje nyord i norsk gjennom publikasjonane Nyord i norsk 1945–1975 (1982) og Nyord i norsk (2012). Den sistnemnde boka inneheld nyord frå perioden 1975–2005. For perioden etter 2005 finst det inga samla framstilling av nye ord i norsk, men i ei undersøking vi gjorde i 2019, såg vi nærmare på nyord som er tekne inn i dei to allmennordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka etter 2008.

Kor nytt er nytt: metoden i undersøkinga

Når eit ord blir lagt til i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, er det ikkje nødvendigvis eit nyord det er tale om. Størstedelen av dei nyoppretta ordartiklane i perioden 2008 og fram til 2019 var tekne inn for å tette tilfeldige hol i utvalet av oppslagsord, gjerne samansetningar som allereie fanst i språket, men som ikkje hadde komme med tidlegare av plassomsyn. Nyorda er heller ikkje merkte på noko vis, så for å få ei oversikt over alle nyorda som er komne til i Bokmålsordboka og Nynorskordboka etter 2008, var framgangsmåten å ta ut lister over alle nyoppretta artiklar. Desse listene blei så gått gjennom manuelt for å finne dei orda som kunne kategoriserast som nyord etter visse kriterium. Til dømes sette vi ei rettleiande grense rundt 1980 for tidlegaste bruksregistrering av eit nyord. Likevel har kjennskapen vår til språket og samfunnet vore ein viktig faktor i arbeidet. Etter gjennomgangen sat vi igjen med ei liste på 335 unike nyord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka til saman.

Historisk opphav

Eitt mål med studien var å få eit tal på forholdet mellom importord og norske ord. I figur 1 under ser vi resultatet. 68 prosent av nyorda er norske nyord, mens 32 prosent er lån; 23 prosent frå engelsk og 9 prosent frå andre språk.

Figur 1: Nyord fordelte etter opphav

Kakediagram over nyord og opphav


Ei nærare undersøking av gruppa «andre språk» tyder på at representasjonen av långjevarspråk truleg har endra seg noko over dei siste tiåra. Ei av årsakene til dette kan vere demografiske endringar. Dei største långjevarspråka ved sida av engelsk er i fallande rekkjefølgje arabisk, spansk, latin, fransk, italiensk, tyrkisk og japansk.

I tabell 1 ser vi nokre døme på dei to (eller tre) hovudkategoriane av nyord: norske samansetningar og avleiingar på den eine sida og ord frå engelsk og andre språk på den andre.

Tabell 1: Døme på norske nyord og nyord lånte frå andre språk

Norske samansetningar og avleiingar Ord frå engelsk Ord frå andre språk
allvêrsjakke beatboxing abaya (arabisk)
antiskrens blender aioli (fransk)
asylbarn bugg/bøgg bulgur (tyrkisk)
ballbinge caste børek (tyrkisk)
berøringsskjerm chatte chorizo (spansk)
framsnakke cover djembe (mande)
helsesjukepleiar cupcake focaccia (italiensk)
KMI google karaoke (japansk)
kroppskamera pride nikab (arabisk)
lenkeråte skate spa (etter belgisk kurstad)

Språklege kjenneteikn

Av dei norske nyorda er det store fleirtalet samansette ord, og dei fleste av desse igjen er av typen substantiv + substantiv, til dømes asylbarn, kroppskamera og lenkeråte. Ein kategori vi kan nemne spesielt, er typen som berøringsskjerm og allvêrsjakke representerer. Dette er omsetjingslån, altså samansette ord som er omsette ledd for ledd. Slike ord finst det fleire av, og sjølv om dei er ei direkte omsetjing av (i praksis) engelske ord, har vi i denne samanhengen rekna dei som norske nyord. KMI er eit initialord for ei lang samansetning (kroppsmasseindeks), og også slike finst det ein del av.

Norske nyord skil seg tydeleg frå importorda når vi deler dei inn i språklege kategoriar. Samansetningar utgjer heile 80 prosent av dei norske nyorda. Til samanlikning er delen samansetningar blant ord med engelsk opphav berre 29 prosent.

Ord som er lånte inn via eller frå engelsk, er i stort fleirtal blant importorda. Nokre døme er chatte, google og pride. Blant dei andre långjevarspråka finn vi som nemnt språk som arabisk (nikab), spansk (chorizo) og fransk (aioli), men også språk som tyrkisk (børek, bulgur) og japansk (karaoke) er representerte.

Semantiske kategoriar

Vi har definert tre kategoriar som (med litt godvilje) dekkjer store delar av materialet. Det viser seg at det er stor forskjell på importord og norske ord når det gjeld fordeling i dei semantiske kategoriane. Alle importorda i kategorien «teknologisk utvikling» er frå engelsk, men det er færre importord enn norske nyord i denne kategorien. Kategorien «internasjonalisering» er prega av lån, særleg lån frå engelsk, men òg frå andre språk, ikkje minst når det gjeld ord for mat og drikke. Kategorien «sosial, økonomisk og vitskapleg utvikling» er dominert av norske ord: 56 prosent av dei norske orda høyrer heime her.

Figur 2: Fordeling mellom norske ord og importord etter semantisk kategori

Fordeling av nyord


I kategorien «teknologisk utvikling» dominerer ord knytt til IT-utvikling (backup, app, chip, bugg/bøgg, ruter, skjermdump, smarttelefon), men vi har òg ord frå andre område, som RIB/ribb, alkolås og elsykkel. I kategorien «internasjonalisering» er det importorda som dominerer. Vi finn engelske lån, som halloween og backpacker, men òg lån frå andre språk, knytte til mat og drikke (cava, cru, falafel, balsamico), religion (nikab) og namn på folk og kulturar (saharawi). Typiske norske nyord i kategorien «internasjonalisering» er ord som oppstår når vi får nye statsdanningar, eller når statar endrar namn (sørsudanar, eswatinisk, nordmakedonsk). Blant nyorda i kategorien «sosial, økonomisk og vitskapleg utvikling» finn vi ord som speglar nye identitets-, familie- og samlivsformer (cis-person, pride, medmor, bonusbarn), aktivitet på sosiale medium (emoji, bloggar, emneknagg), nye fritidsinteresser (skateboard, cheerleader, brattkøyrar), nye fagtermar (hiv, aidssjuk, ebola) og ord som seier noko om utvikling av velferdssamfunnet (bilkollektiv, bemanningsbyrå, beinmargsdonor).

Skrivemåte

Ein fordel med å bruke rettskrivingsordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka som kjelde for ei slik undersøking er at vi får sikker normering av skrivemåten. Det er totalt 74 ord av engelsk opphav i materialet. Av desse er 49 prosent normerte med den engelske opphavsforma som eineform. 46 prosent har fått større eller mindre tilpassingar til norsk rettskriving eller uttale. Berre 5 prosent av orda har valfridom mellom opphavleg skrivemåte og ein tilpassa norsk skrivemåte.

Til venstre i tabell 2 ser vi døme på ord med skrivemåte i tråd med det engelske opphavet. Det er kanskje noko overraskande at nesten halvparten av dei engelske orda er tekne inn i ordbøkene med original rettskriving. Ei årsak kan vere at mange importord rekk å feste seg i bruk med original skrivemåte før det er aktuelt å ta dei inn i ordbøkene. Fornorsking av skrivemåten kan då verke som eit kraftig brot med etablert bruk, som det blir lagt stor vekt på når ord blir normerte i norsk.

Tabell 2: Døme på ulik normering av engelske ord

Skrivemåte som engelsk Skrivemåte tilpassa norsk Valfri skrivemåte
beatboxing chatte (chat) quilt/kvilt
cheerleader døll (dull) quiz/kviss
cliffhanger dokkingstasjon (docking station) RIB/ribb
coach ruter (router) server/sørver
skate skrolle (scroll)  
cupcake    

Når ord blir normerte med fornorska skrivemåte, har det ofte allereie oppstått ein slik skrivemåte blant språkbrukarane, anten for det spesifikke ordet eller for ord med liknande kjenneteikn. Eit gjennomgåande trekk er at verb får lagt til norsk infinitivsending (chatte). I visse tilfelle får uttalen forrang i rettskrivinga når han skil seg tydeleg frå opphavet (døll). Visse bokstavsamband, som -ck-, kan trygt gjevast att som -kk-. Vanlege ordelement, som allereie finst i norske variantar, kan overførast til nye ord. Då kan vi få ein skrivemåte som dokkingstasjon. Også samskrivinga er å sjå på som ei tilpassing til norsk skrivemåte.

 


Litteratur

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.02.2023 | Oppdatert:27.04.2023