Det trengst eit krafttak for norsk fagspråk i akademia

No image

(12.4.23) Undervisning og formidling på norsk er ikkje karrierefremjande, meiner tilsette ved universitet og høgskular. 62 % seier dei vert oppmoda av kollegaar og leiarar til å skriva på engelsk. – Endeleg har me tydelege tal som viser at UH-sektoren ikkje har ein god nok språkstrategi, og at noko må gjerast, seier terminolog Marita Kristiansen.

AV HEGE KAMBO GROV

Sjå for deg ein førelesar på universitetet. Alle lærebøkene i faget finst berre på engelsk, og eventuelle omsetjingar må hen gjera sjølv. Kanskje vel hen å bruka den engelske terminologien, kanskje lagar hen eigne omsetjingar av faguttrykka. Kollegaen, som underviser i same faget, tek andre val.

Tenk deg så ein forskar som er invitert til Dagsnytt 18 på NRK for å snakka om forskinga si. Forskaren har skrive alle artiklane sine på engelsk, har lese engelske fagbøker og kjenner berre den engelske terminologien for faget hen skal snakka om.

Dette er ikkje konstruerte fantasiar, men truverdige situasjonar, viser ei undersøking av norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høgskulesektoren som vart publisert i januar 2023.

Hovudfunna i undersøkinga er at akademisk tilsette har for lite tid til å skriva norske fagtekstar, at dei vert oppmuntra til å skriva på engelsk, at norsk fagterminologi er mangelvare, og at det er lite karrierefremjande å skriva på norsk.

Sjølv om norsk framleis er det mest nytta undervisningsspråket, ligg engelsk like bak. Mest undervisning på engelsk er det i naturvitskap, teknologi, økonomi og administrasjon.

Språkrådet gjorde undersøkinga i samarbeid med språksamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB). Språksamlingane forvaltar Termportalen, som er ein nasjonal portal for terminologi.

Tydelege funn

Ei viktig oppgåve for universitet og høgskular, i tillegg til forsking og undervisning, er å formidla forskingsbasert kunnskap til befolkninga. Det er avgjerande i eit velfungerande demokrati. Til slik formidling trengst eit godt utvikla norsk fagspråk. UH-institusjonane har eit lovpålagt ansvar for det norske fagspråket.

Føremålet med undersøkinga var å finna ut meir om arbeidet som vert gjort for å vedlikehalda og vidareutvikla norsk fagspråk, og i kva grad vitskapleg tilsette brukar og utviklar norsk fagterminologi.

Undersøkinga presenterer tydelege funn på område vi ikkje har hatt statistikk på før, og viser at det er mange ulike årsaker til at akademisk tilsette vel engelsk i staden for norsk.

Marita Kristiansen, førsteamanuensis i terminologi og fagspråk og fagleg leiar for Termportalen, var ikkje overraska over resultata, men understrekar verdien av å kunna talfesta tendensane dei har sett.

– Funna er litt nedslåande, men ikkje uventa, og det er nyttig å ha konkrete tal. Undersøkinga er viktig for at leiarane i UH-sektoren skal sjå korleis det eigentleg står til med norsk fagspråk. Me har tydelege tal som viser at høgskulane og universiteta ikkje har ein god nok språkstrategi, og at noko må gjerast, seier ho.

Ikkje karrierefremjande

Eit av dei viktigaste funna er at informantane opplever det klart meir karrierefremjande å skriva fagtekstar på engelsk enn på norsk. Det svarer majoriteten når dei vert spurde om den viktigaste årsaka til at dei ikkje skriv meir på norsk. I tillegg seier dei at det er få relevante norske publiseringskanalar. Ein tredel melder at dei ikkje har skrive på norsk dei to siste åra. Det er på fagfelta naturvitskap og teknologi at færrast opplever det som relevant å skriva på norsk.

Informantane vart spurde om kva som skulle til for at dei skulle skriva meir på norsk. «Betre utteljing i publiseringspoeng, og at det er karrierefremjande», svarte ein av dei.

Publiseringspoeng er ein viktig motivasjonsfaktor, viser undersøkinga.  Marita Kristiansen meiner at strukturen rundt akademisk skriving må evaluerast.

– Når du ynskjer å avansera til professor eller  å få den mellombelse stillinga di omgjord til ei fast stilling, vil du bruka tida di på det som gjev utteljing i den retninga, i staden for å skriva norske fagtekstar.

Ikkje tid til å skriva på norsk

Medan relevans i form av publiseringspoeng slo ut på motivasjonen når det gjaldt vitskaplege tekstar, var det mangel på tid som gjorde seg gjeldande når det handla om andre fagtekstar, det vil seia tekstar i ulike formidlingssjangrar. Det kan til dømes vera ikkje-vitskaplege fagartiklar og lærebøker. Det er meir utbreidd å skriva slike tekstar på norsk, men det er færre som skriv innanfor desse sjangrane, og det får difor lite utslag.

Det er svært mange som svarer at meir tid er det som skal til for å skriva meir norsk: «At jeg får satt av tid til det, og får lov av leder», sa ein av informantane.

– Det er tydeleg at me har eit stykke å gå for at dei tilsette skal føla at dei kan setja av tid til å formidla fagkunnskap på norsk. Ansvaret for dette kan ikkje plasserast på kvar einskild tilsett, her må institusjonane ta tak, meiner Kristiansen.

Vert oppmuntra til å skriva på engelsk

Informantane svarer at dei oftare opplever å bli oppmuntra til å skriva fagtekstar på engelsk enn på norsk. Dette gjeld både frå leiarar og kollegaar. Det finst til og med døme på direkte fråråding frå å skriva på norsk, viser svara i undersøkinga.

Medan mange av leiarane i sektoren har trudd dei har arbeidd godt for å fremja norsk språk, viser undersøkinga at opplevinga til dei tilsette er ei anna.

– Undersøkinga stadfestar at dei tilsette ikkje opplever at leiarane deira oppmuntrar dei til å skriva på norsk.

Mangel på norsk terminologi

Mange av respondentane svarer at det manglar norske faguttrykk på deira fagområde. Faktisk meiner heile 47 prosent at det er ulik grad av mangelfull terminologi i faga deira. «Norsk terminologi i faget» var det som skulle til for å skriva meir på norsk, ifølgje ein respondent. Det er likevel tydelege skilnader mellom fagområda. Det er flest innan naturvitskap og teknologi som svarer at det manglar norske fagord og faguttrykk, og færrast innan humanistiske og estetiske fag.

Sjølv om det er ganske få som driv med systematisk terminologiarbeid, viser undersøkinga at mange viser interesse for det. 16 prosent, 213 informantar, svarer at dei ynskjer å driva med terminologiarbeid om dei får insentiv til å gjera det. Rundt 150 svarer at dei er villige til å bli kontakta av Termportalen om terminologiarbeid og kurs.

Dette synest Marita Kristiansen er svært oppmuntrande.

– Det er viktig at entusiasmen kjem frå fagmiljøa sjølve. Kanskje er det andre som også vil vera med når me kjem i gang.

Sektoren må ta ansvar

Det er mange årsaker til at forskingsartiklar vert skrivne på engelsk. Men akademia skal også ha kontakt med samfunnet, formidla funn og løfta fram problemstillingar. Då er det viktig at det finst eit godt fagspråk, ein fagterminologi og fagtekstar på norsk. Derfor må akademikarar skriva på norsk i ulike sjangrar som del av praksisen sin.

Det er likevel vanskeleg å prioritera dette om det ikkje vert lagt til rette for det, viser undersøkinga.

– Funna er eit resultat av måten me har organisert oss på og måten me vert målte på av Kunnskapsdepartementet. Når ein forskar eller ein institusjon får mest utteljing for publikasjonar i tidsskrift der engelsk for dei fleste er publiseringsspråket, er det lett at høgskular og universitet får ein praksis som speglar dette, seier Kristiansen.

Språkrådet og Termportalen meiner det er avgjerande at sektoren får på plass insentiv, tid og ordningar som oppmuntrar til å skriva på norsk.

– Ansvaret for å skapa gode vilkår for det norske fagspråket ligg hos universiteta og høgskulane. Sektoren må no ta grep for å sikra at arbeidet med norsk fagspråk vert prioritert, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås.

På UiB har undersøkinga fått konsekvensar for den overordna strategien. Under overskrifta «Ambisjoner fram mot 2030» står det: «Vi skal ha en tydelig rolle i utviklingen av norsk fagspråk og terminologi.» Kristiansen håpar det vil resultera i konkrete tiltak.

– Eg er spent på korleis dette skal risla ned i arbeidet i organisasjonen. Me i Termportalen skal stå for den digitale infrastrukturen, koordinering av arbeidet og fagleg rettleiing i terminologisk metode. Men me er avhengige av at fagmiljøa bidreg sterkt. Det er dei som kjenner terminologien og omgrepa i sine fag, og dei må ta føringa i arbeidet for å gjera det tilgjengeleg i termbasane. Då må institusjonane leggja til rette for det.

Samstundes meiner Kristiansen at me ikkje må gløyma prinsippet om parallellspråk, altså ei systematisk sidestilling av norsk og engelsk.

– Me skal vera gode på engelsk òg. Kanskje er det ein god idé å ta fram vegvisaren til Språkrådet, som viser korleis ein kan jobba godt med parallellspråk.

Kvart universitet og kvar høgskule har fått resultata frå sin studiestad, slik at dei kan bruka dei til å skapa målretta språkpolitikk og systematisk språkarbeid.

Undersøkinga vart gjennomført av Rambøll Management Consulting.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.04.2023 | Oppdatert:27.04.2023