Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

No image

(12.4.23) Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Det er bra. Men kvifor er det framleis lov å utvikla og kjøpa inn anna digitalt innhald, laga til bruk i skulen, berre på bokmål? Det tener korkje nynorskelevar eller bokmålselevar på.

– Målet er at alle barn i den norske skulen skal bli trygge brukarar av sitt eige språk. Då må regelverket løfta fram tydelege språkkrav til alle typar digitale ressursar som er utvikla til bruk i skuleverket, og som elevane faktisk møter i skulekvardagen, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås.

Språkrådet ropar hurra for lovfesting av krav til skriveprogram på begge skriftspråka og med korrekt rettskriving. Men departementet vidarefører i framlegget ein gammaldags definisjon av læremiddel som gjer at mykje av det digitale innhaldet som er utvikla til bruk i skulen, kan halda fram med å vera berre på bokmål eller på dårleg nynorsk. Det vil gjera det vanskeleg å nå målet om likeverdig språkopplæring.

Kunstig skilje

Det såkalla parallellitetskravet i opplæringslova krev at alle læremiddel skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk til same tid og pris. I framlegget til ny opplæringslov står det:

Med «læremiddel» siktar ein til alle trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast regelmessig og dekkjer dei vesentlege delane av kompetansemåla eller er viktige for dei grunnleggjande ferdigheitene.

Men skulen brukar svært mange læringsressursar som ikkje fell inn under denne tronge definisjonen av læremiddel. Fleire av læringsressursane som er utvikla til bruk i skulen, slepp unna parallellitetskravet. Det skiljet departementet har laga mellom læremiddel og læringsressursar, opnar eit smotthol som kanskje er lønsamt for produsentar og kommunar, men for elevane blir det kostbart. Dei får ikkje møta og bruka dei norske språka i opplæringa.

Det finst òg læringsportalar og -plattformer som er utvikla til bruk i skulen, og som er like mykje brukte som skriveprogramma, men dei finst det ingen reglar for. Kvifor er det slik?

Lovkrav verkar

«Om det blir strengare språkkrav i skulen, vil ein av to ting skje: Anten må vi forbetre produktet, eller så vil vi tapa anboda», sa Sondre Ronander, PR-ansvarleg i Google, på eit seminar i regi av Nordisk ministerråd og Språkrådet i fjor haust. Diskusjonen gjaldt skriveprogrammet i Google Chromebook, som mange skular brukar, men som ikkje har korrekt stavekontroll for nynorsk. Med det nye kravet til skriveprogram i framlegget til ny opplæringslov er lovkravet no på plass.

Marknaden rår. Det er all grunn til å venta at produsentar kjem til å utvikla nynorskversjonar av populære og gode læringsressursar dersom skulen ikkje lenger kan kjøpa inn produkt som berre er tilgjengelege på eitt av dei to likestilte norske skriftspråka.

Språkrådet meiner det er naudsynt å lovfesta eit krav om at digitale læringsressursar som er utvikla med skulen som primærmålgruppe, skal finnast både på nynorsk og bokmål. Lovkravet bør òg omfatta læringsportalane og -plattformene. Berre med desse endringane vil Stortinget kunne sikra nynorskelevane og bokmålselevane ei likeverdig opplæring.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.04.2023 | Oppdatert:27.04.2023