Språkdagen 2007 – Norsk språk under press

Språkdagen 2007 blei arrangert 15. november 2007 i Oslo. Om lag 450 personar var til stades. 

Språkdagen 2007

På denne sida finn du programmet for dagen, presentasjonane til fleire av føredragshaldarane og pressemeldingane som blei sende ut i samband med arrangementet. 

 Programmet

Presentasjonane frå føredraga

  • Skal vi la norsk språk bli en ulempe – i Norge? Brit Mæhlum, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU [PowerPoint-presentasjon, 350 Kb]
    «Den symbolske markørfunksjonen ved engelsk er mer framtredende enn de reelle kommunikative behovene. Mange tror at engelsk dekker virkelige kommunikasjonbehov».

  • Engelsk i norsk dagligtale. Resultat frå ei meiningsmåling utført i november 2007 [PowerPoint-presentasjon, 670 Kb]
    Kor godt kan du engelsk? Bruker du mange engelske ord og uttrykk i daglegtalen? Kva synest du om å bruke engelske ord?

  • Bruk av engelsk i forsking og høgare utdanning. Presentasjon av ei undersøking. Vera Swach, NIFU STEP [PowerPoint-presentasjon, 800 Kb]
    Kvar tredje student skreiv hovud- eller masteroppgåva si på engelsk i 2006, mot berre éin av ti for tjue år sidan.

  • Video frå handelsnæringa i Oslo: «Little Norway»
    Sjå gode eksempel på bruk av engelsk og særskriving i reklame ein kvardag i Oslo. Kva slags signal sender ein ut når ein bruker mykje engelsk, og kva med særskriving? Filmen er laga av Even Gauslaa.

Pressemeldingane som blei sende ut på Språkdagen 2007

  • En av tre masteroppgaver på engelsk (15.11.07)
    Liker mastergradsstudentar norsk eller engelsk best når dei skriv masteroppgåva si? Vera Swach har funne svar spørsmålet og presenterte hovudkonklusjonane på Språkdagen 2007. 
  • Karin Sveen får Språkprisen for 2007 (15.11.07)
    Karin Sveen vann Språkprisen for 2007. Her kan du lese juryens omtale av vinnaren.

 

Foto Språkdagen 2007: Damir Cvetojevic

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.09.2008 | Oppdatert:19.01.2021