Språkdagen 2013 – «Troll i ord?»

Språkdagen 2013 gjekk av stabelen 12. november i Oslo Konserthus. Arrangementet er ei årleg hending og set søkjelys på aktuelle språkspørsmål. Fagrådet for normering og språkobservasjon var ansvarleg for programmet.

Oslo konserthus

På denne sida finn du program, referat, bilete, nett-tv-opptak og pressemeldingar frå Språkdagen 2013 og utdelinga av Språkprisen 2013.

Temaet for Språkdagen 2013 var ord og ordtilfang. Kva rolle spelar ordtilfanget for oss, både personleg og som storsamfunn? Kva skjer når ord forsvinn frå språket? Kva type nyord er dei mest typiske? Brukar nordmenn sensitive og støytande ord?

Audhild Gregoriusdotter RotevatnKonferansier var Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Nett-tv: Arrangementet vart sendt direkte på nett-tv.

Teiknspråk: Heile Språkdagen vart tolka til teiknspråk, og tolkinga er med på nett-tv-sendinga.

Leiar i fagrådet for normering og språkobservasjon, Helge Dyvik, opna arrangementet.


Kvifor og korleis går ord ut av språket?

Jørn Lund, formann i Dansk Sprognævn  Når ord går ud av sproget
Jørn Lund, formann i Dansk Sprognævn 

«Det har blitt færre møtestader der ein kan møte ord på sitt eige språk enn før.»

Ord har kome og gått til alle tider, men det kan truge den kulturelle identiteten dersom ord ikkje blir overførte mellom generasjonane, meiner Jørn Lund. Han har testa eit utval truga ord hjå to generasjonar danskar, og ikkje overraskande var ein del ord på veg ut av språket. Det fører til at ein del skjønnlitteratur, som framleis populære Karen Blixen, blir vanskelegare og vanskelegare å forstå for den jamne dansken. Som moglege forklaringar på kvifor det er slik, peika Lund på at unge les mindre skjønnlitteratur, og at det engelske språket i staden dominerer kvardagen i langt større grad enn før.

«Tabuorda er komne att på ein meir dramatisk måte.»

Det andre hovudtemaet for innlegget til Lund var korleis tabuorda endrar seg. Bruken av ein del tidlegare tabuord har til dømes blitt meir liberal. Unge danskar snakkar utan blygsel om lort og pisse-, ord som ville vore utenkjelege i dagleg bruk for nokre tiår sidan. På same tid har bruken av somme ord gått tilbake ved at dei har fått endra innhald, peika Lund på. Neger var det einaste ordet ein tidlegare hadde for å omtale mørkhuda menneske, medan det no har fått ein negativ klang. Ein kan seie at tabuorda er komne att på ein meir dramatisk måte, sa han, og åtvara mot å la redselen for det som er vanskeleg eller annleis, hindre oss i å snakke om det.


Bruken av sensitive ord

Presentasjon av undersøkinga «Har du ein støytande språkbruk?»

Endre Brunstad, Ingunn Indrebø Ims og Edit Bugge

Endre Brunstad, professor ved Universitetet i Bergen, Ingunn Indrebø Ims, stipendiat ved Universitetet i Oslo, og Edit Bugge, høgskolelektor ved Høgskolen i Bergen

9 av 10 vel bort neger til fordel for andre nemningar 

Språkleg støytande eller språkleg sensitiv? Det var det overordna spørsmålet i ei undersøking Språkrådet gjorde i forkant av Språkdagen. Undersøkinga vart gjennomført på nettsidene til NRK, og det vart registrert kring 15 500 svar.

Føremålet med undersøkinga var å undersøkje kva ord som blir brukte når valet står mellom støytande og sensitive ord (inndelinga vart gjord på grunnlag av tilrådingar frå interesseorganisasjonar).

Viktige funn:

  • Utdanningsnivå har ingenting å seie for om folk brukar støytande ord eller ikkje.
  • Kjønn har mykje å seie for kva ord folk vel; kvinner brukar i langt mindre grad støytande ord enn menn. Eit døme er teiknspråktolk og døvetolk, der folk brukar halvt om halvt. Blant dei som brukar teiknspråktolk, er det likevel ei stor overvekt av kvinner.
  • 9 av 10 testdeltakarar vel bort neger til fordel for andre nemningar.
  • Det er ofte stor skilnad på kva ord folk sjølve brukar, og kva ord dei ventar å finne i meir offentlege samanhengar.

En alfabetikers bekjennelser

Kulturelt innslag ved Ingrid Bjørnov

Ingrid Bjørnov

 


Nyord i norsk

Gisle AndersenNyord, naving og negative karakteristikkar
Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole        

«Tilfanget av nyord speglar samfunnsutviklinga og rolla media har.»

Nyord som dukkar opp i media, er skapte for å vekkje merksemd, sa Gisle Andersen. Orda har gjerne ei positiv eller negativ slagside, og han trekte fram mirakelscoring og smørkrise som døme på sensasjonsprega ord me har blitt kjende med i avisene dei siste åra. Faktisk kan nyord ha så sterke konnotasjonar at dei er skapte for å forme haldninga vår til noko. Eit døme på det er monstermaster, som dukka opp i debatten rundt kraftlina mellom Sima og Samnanger for få år sidan.

«Det er språkbrukarane sjølve som avgjer om eit ord skal brukast eller ikkje.»

Andersen arbeider med nyord gjennom å studere korpusmateriale for aviser. Denne metoden gjer det mogeleg å studere utviklinga av nyord over tid, og let ein til dømes finne ut i kva grad orda festar seg i språket. Som ein del av dette arbeidet samarbeider Andersen med Språkrådet om kåringa av «Årets ord». Han drog fram fire eigenskapar som kjenneteiknar gode nyord; dei må vere framståande og aktuelle, ha gode språklege kvalitetar, vere kreative og estetiske og ha god overlevingsevne.


Finn me fasiten i ordboka?

Leiv Inge AaOrd som finst og ikkje finst
Leiv Inge Aa, stipendiat ved NTNU og redaktør i Norsk Ordbok 2014

«Ordbøker vil aldri kunne fange opp det levande språket i all si breidde.»

Temaet for innlegget til Leiv Inge Aa var å rive ned den folkelege førestillinga om ordboka som eit slag heilag skrift. Ordbøker er ein kulturell dokumentasjon av det norske samfunnet, men dei norske ordbøkene er ikkje ordbøker over alle tillatne ord i norsk, sa han. Ordbokarbeidet er tufta på den skriftlege dokumentasjonen som ligg føre når ordboka blir laga, og dermed kan det vere nokså tilfeldige grunnar til kva ord som blir oppføringar i ordboka. Som eit resultat har til dømes sjølvkjærleik blitt ei ordbokoppføring, men ikkje sjølvinnsikt.

«Dei alfabetiserte oppslaga i ordboka blir ikkje sila ut etter språkspesifikke, men heller etter samfunnsmessige og kulturelle kriterium.»


Paneldebatten – ordtilfang som personleg ressurs

Basso, Rasmussen, Rotevatn, Simonsen og Trosterud

Sara Azmeh Rasmussen, skribent
Aina Basso, forfattar av historiske romanar
Hanne Gram Simonsen, professor ved Universitetet i Oslo
Trond Trosterud, professor ved UiT Noregs arktiske universitet

To skribentar og to språkvitarar bidrog med ulike innfallsvinklar til kva rolle ordtilfanget spelar for individet:

  • «Ordtilfanget er viktig frå starten til slutten av livet.»
    (Hanne Gram Simonsen).
  • «Det var ein vanskeleg og tidkrevjande prosess å skrive ein roman på eit språk som ikkje er morsmålet mitt.»
    (Sara Azmeh Rasmussen)
  • «Det gjeld å finne balansen mellom å vere historisk korrekt og ikkje bruke ord som er for vanskeleg tilgjengelege for lesaren.»
    (Aina Basso)
  • «Det samiske språksamfunnet består av 25 000 terminologar.»
    (Trond Trosterud)
  • «Dei sosiale og kulturelle sidene ved norskopplæringa er òg svært viktige.»
    (Sara Azmeh Rasmussen)
  • «Somme sider ved språket blir utvikla i familien, medan andre sider blir utvikla i andre situasjonar.»
    (Hanne Gram Simonsen) 
  •  «Det er stor skilnad på kva ord eg kan bruke når eg skriv for ungdom og når eg skriv for vaksne.»
    (Aina Basso)
  • «Me lagar oss dei orda me treng.»
    (Trond Trosterud)

Språkprisen 2013

Kvart år deler Språkrådet ut pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa.

Prisoverrekking

Prisen for 2013 gjekk til teolog Gyrid Gunnes (bokmål) og forfattar Edvard Hoem (nynorsk). Gunnes vann prisen for boka Stemmer. Å forkynne Guds ord klart og urent. Utkast til en feministisk prekenpraksis (2013) og for kronikkar i Dagbladetog Morgenbladet, medan Hoem vart heidra for biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens år (2009), Vennskap i storm (2010), Syng mig hjæm (2011) og Det evige forår (2013).

Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, delte ut prisen.

Video (YouTube)


Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, avslutta arrangementet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.10.2014 | Oppdatert:19.01.2021