Hopp til hovedinnhold

Effektmåling

Mål effektar for å vise at klarspråk løner seg.

Det er viktig å måle effektar av klarspråksarbeidet for å
  • vite kor godt tiltaka verkar
  • lære av arbeidet og betre innsatsen
  • rekne ut kor mykje verksemda sparer på klarspråksarbeidet

Slik kan de måle effekt

De bør gjere ein analyse av situasjonen slik han er før de set i verk klarspråkstiltak (ofte kalt ein nullpunktsanalyse), som viser kvar skoen trykkjer mest. Gjenta analysen undervegs og/eller etter at de har gjennomført klarspråkstiltak. Viss analysane viser endringar, gjev det ein indikasjon på at tiltaka har hatt effekt.

Når de har oversyn over endringane, kan de forsøke å rekne ut kva verdi klarspråkstiltaka har hatt: Har de spart tid og pengar? Har tiltaka gjort brukarane meir nøgde?

Metodar: KS' verktøykasse for brukarinvolvering og effektmåling

 

Formuler mål for klarspråkstiltaka

Formuler måla for tiltaka på førehand, slik at de har noko å vurdere resultata mot etterpå. Måla bør vere konkrete og realistiske. Derfor er det viktig å planleggje evalueringa allereie frå byrjinga.

 

Bruk effektkjeda når de vel kva de skal måle

Effektkjeda viser sambandet mellom innsats, aktivitetar, produkt, tenester og effektar i eit klarspråksarbeid. Det er mogleg å setje mål for ulike delar av kjeda og evaluere resultata separat. Er fleire brukarar nøgde med språket i brev og skjema? Får verksemda færre feilutfylte skjema? Får førstelinetenesta færre spørsmål om grunnleggjande ting?

Jo lenger ut i effektkjeda ein måler, jo vanskelegare blir det å finne effektar som er eintydige resultat av prosjektet. Derfor er det naudsynt å jobbe metodisk og systematisk og gjere gode nullpunktsanalysar.

Effektkjeden

Slik bereknar de innsparingar

Bruk effektmålingane til å rekne ut kor mykje verksemda har spart i tid og kroner, eller kva anna verdi arbeidet har hatt (til dømes meir nøgde brukarar). Reknestykke som viser innsparingar, kan brukast til å overtyde leiarar og andre om at klarspråk løner seg. Slike tal er òg nyttige for å motivere dei tilsette til vidare klarspråksinnsats.

Bygg utrekningane på gode nullpunktsanalysar og metodiske målingar, men hugs at det er naudsynt å gjere visse overslag når de skal estimere innsparingar. Det kan vere vanskeleg å isolere samanhengen mellom innsats og effekt.

Slik kan de til dømes rekne ut om uklart språk gjev

  • tapte inntekter
    Døme: Pasientar let vere å møte opp til oppsett tid, og sjukehuset går glipp av helserefusjonar.
  • auka kostnader
    Døme: Feil i søknader fører til dobbeltarbeid, og sakshandsamarane må bruke ekstra tid.
  • auka kostnader eller sløsing med tid for brukarane
    Døme: Brukarane forstår ikkje informasjonen dei får, og dei klarer ikkje å gjere det dei skal, rett på første forsøk.

Spare tid og pengar – tre døme

Meir nøgde brukarar

Meir nøgde brukarar er ein vinst ein ikkje kan talfeste, men vinsten bør vere synleg likevel.

For å dokumentere i kva grad brukarane er nøgde, kan de brukarteste konkrete tekstar eller gjennomføre spissa brukarundersøkingar. Men det finst òg andre måtar å dokumentere vinstane på. Fotografiar, videoar og sitat frå brukarane kan illustrere vinstar som det er vanskeleg å talfeste. Slike vinstar må òg med i evalueringa av klarspråksarbeidet.

 

Brukarperspektivet – to døme

Byråkratspråk koster 300 millioner i året

Gode estimat kan gje medieoppslag som skaper merksemd om nytten av klart språk.

VG: «Byråkratspråk koster 300 millioner kroner i året»