Hopp til hovedinnhold

Jobbe tverrfagleg

Tverrfagleg samarbeid gjer tekstane betre for mottakaren og hever klarspråkskompetansen i verksemda.

Å samarbeide på tvers av fag er meir eit grunnleggjande klarspråksprinsipp enn ein metode. Språket i tekstar og tenester blir lett prega av dei fagdisiplinane, avdelingane eller verksemdene vi jobbar i, og det kan vere vanskeleg å vere kritisk til eige fagspråk.

Tverrfagleg samarbeid gjev
  • interessante diskusjonar og fleire perspektiv på teksten
  • betre forståing for situasjonen til brukaren
  • praktisk læring og erfaringsoverføring til alle deltakarane
  • delt eigarskap til teksten og klarspråksarbeidet
  • høgare språkmedvit blant deltakarane og betre skrivekultur i verksemda
  • betre tekstar

Å jobbe tverrfagleg er nyttig anten det er snakk om ein kort tekst eller eit større digitaliseringsprosjekt. Når de jobbar tverrfagleg, får de eit betre resultat og ein meir lærerik arbeidsprosess.

Korleis jobbar ein tverrfagleg?

Når ein jobbar tverrfagleg, trekkjer ein inn personar som høyrer til ulike fagdisiplinar og delar av verksemda.

Døme på tverrfagleg samarbeid er
  • arbeidsgrupper som jobbar saman om å skrive tekstar
  • språkvenar på tvers av fagdisiplinar, som systematisk hentar inn innspel på teksten frå andre enn dei næraste kollegaene
  • delt eigarskap for teksten, det vil seie at både kommunikasjonseininga og fagmiljøa har ansvar for alle tekstar
  • skriveverkstader – ein spesielt nyttig og grundig tverrfagleg prosess som hever kvaliteten på ein eller fleire konkrete tekstar
  • prosjektgrupper med deltakarar frå flerie fagdisiplinar, der arbeidet omfattar meir enn berre tekstarbeid
  • referansegrupper på tvers av fag og avdelingar, som kan diskutere overordna problemstillingar, gje ulike perspektiv i arbeidet og sikre forankring i større delar av verksemda

Kven bør blir involvert?

De kan setje saman grupper med til dømes juristar, IT-rådgjevarar, førstelinje og brukerstøtte, sakshandsamarar, pedagogar, kommunikasjonsmedarbeidarar, språkekspertar og leiarar.

Eksempel: Tverrfagleg gruppe reduserte ventetida for omsorgsbustad i Skedsmo kommune

I Skedsmo kommune tok det tidlegare mellom tre og seks månadar frå ein omsorgsbustad vart ledig til ein ny bebuar flytta inn. Nå tek det omtrent fem veker. Kort ventetid gir betre helse, fornøgde brukarar og sparar kommunen for pengar.

Kommunen skipa til ei prosjektgruppe med representantar frå fleire sektorar og avdelingar: avdelingsleiaren for eigedomsavdelinga, ein avdelingsleiar i ein omsorgsbustad, ein sakshandsamar og avdelingssjefen på tenestekontoret, ein brukarrepresentant og ein «utenforståande» frå ei anna avdeling. Den tverrfaglege prosjektgruppa fjerna silotankegangen og kom fram til ei felles forståing. Slik vart det også lettare å kome fram til ei god løysing.

Les meir i heftet «Klart språk gir resultater».

 

An «eclectic approach» seems to be useful: Look beyond your own horizon, be open for other disciplines, pay attention to «real world problems» and the needs of the people involved.  Take the concepts and tools which make sense and are useful and reflect your insights in a self-critical way.

Dr. Benedikt Lutz. PLAIN-konferansen i 2019.

Kjelder