Hopp til hovedinnhold

Filmsnuttar om klarspråk

Er du lei av å lesa lange tekstar om klarspråk? Ta deg ein pause og slapp av i kinosalen vår!

Forstår innbyggjarane teksten frå kommunen?

Sjå KS sine tre filmar som oppmodar innbyggjarane til å seia ifrå til kommunen om vanskelege tekstar.

 

Finansminister med latterkrampe

Opplesinga av nye, uforståelege reglar kalla fram latteren hjå den sveitsiske finansministeren Hans Rudolf Merz.

Les meir i saka frå nrk.no.

 

 

Møt den digitale lesaren

Den danske forfattaren og kommunikasjonsrådgjevaren Kresten Bjerg har skrive ei bok om korleis den digitale lesaren fungerer. I denne filmen finn du nokre av skriveråda hans. Filmen er på engelsk.

Bare Egil om orddeling

Egil Hegerberg er ein av dei som irriterer seg over skrivefeil. Han syng og snakkar om orddeling (eller skal vi seia ord deling?) i NRK-serien «Typisk norsk».