Hopp til hovedinnhold

Brukartesting av tekstar

Du kan ikkje vite om ein tekst eller ei teneste er i tråd med klarspråksprinsippa før du har undersøkt om målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han.

Her skriv vi berre om testing av tekstar, men mange av metodane høver like godt for å teste digitale løysingar.

Før du går i gang:

Ulike metodar for å brukarteste tekst:

Gjenta brukartesten med den reviderte teksten

Det er alltid ein fordel å brukarteste teksten på nytt etter at han er skriven om. Test nye versjonar til du har ein tekst brukarane er nøgde med.

 

Døme: Brukartest blant skoleelevar gav overraskande resultat

Brukartest av tekst ved intervju og geriljatesting blant elevar på Lier videregående skole fortalde skolen at tekstane ungdommane måtte lese og bruke, var krevjande for mange elevar å forstå.

Les meir i NRK-artikkelen «Ungdom forstår ikkje offentlege brev: – Eit samfunnsproblem».

Sjå også Karolina Netland og Anne Johanne Guldvik sin presentasjon om same tema frå klarspråkskonferansen PLAIN (pdf, engelsk).