Hopp til hovedinnhold

Språk i digitale tenester

I digitale tenester, spesielt sjølvbeteningsløysingar, er det viktig at brukaren kan hjelpe seg sjølv. Difor må tekstane vera tydelege og klare, og språket må henge godt saman med dei visuelle elementa.

Rettleiar om klart språk i utvikling av digitale tenester

Digitaliseringsdirektoratet har laga ein rettleiar som tar utgangspunkt i ei utvida forståing av klarspråk som eit prosessverktøy. Han inneheld ei samling råd og aktivitetar med klart språk for å støtte utvikling av digitale tenester. Målet er å forbetre både prosessen fram mot dei digitale løysingane og heve kvaliteten på dei offentlege tenestene.

Rettleiaren er laga for alle som er med på å utvikle digitale tenester. Typiske brukarar er prosjektleiarar, designarar, utviklarar, tekstforfattarar, innhaldsdesignarar, domeneekspertar
og andre som bryr seg om å lage gode, digitale tenester. Ofte vil ein innhaldsdesignar ha hovudansvaret for arbeidet med klart språk i utvikling av digitale tenester.

Rettleiaren har fire delar som følgjer dei vanlegste fasene i eit prosjekt.

  • Den første delen handlar om å nytte klarspråk for å forstå kva problemet er og kva behov brukarane har.
  • Den andre delen viser korleis klart språk kan støtte prosjektgruppa til å samarbeide på tvers av fag.
  • Den tredje delen inneheld aktivitetar som hjelper deg til å inkludere brukarane og brukarteste tidleg, ofte og variert.
  • Den fjerde delen bygger vidare på klarspråksråda for gode og forståelege tekstar i digitale tenester, og hjelper deg til å forme detaljane i sluttproduktet.

Rettleiaren ligg på nettsidene til Digitaliseringsdirektoratet.

Klart språk i digitale løysingar

Innbyggjarane skal mellom anna finne rett nettstad, forstå det som står der, navigere på sidene, fylle inn informasjon, få beskjed om noko ikkje er riktig, og sende inn informasjon.

Språket må vera tydeleg i element som hjelpetekstar og rettleiingar, knappar og lenketekstar, opne- og lukkeelement, feilmeldingar og slutt- og kvitteringssider.

KS har utarbeidd skriveråd som gjev godt og lesarvenleg språk i digitale tenester. Du finn råda på nettsidene til KS.

Digitaliseringsvenleg regelverk

Mange i offentleg sektor arbeider med å utvikle lover og forskrifter. Dei siste åra har teknologien endra seg mykje. Dimed må òg regelverket, og måten vi lagar regelverk på, endre seg. 

Digitaliseringa skal bidra til at forvaltninga blir meir effektiv og brukarorientert. Skal offentleg sektor og samfunnet elles dra nytte av desse moglegheitene, må regelverket vera digitaliseringsvenleg. 

Digitaliseringsdirektoratet har laga ein rettleiar med tilrådingar for digitaliseringsvenleg regelverk. Du finn rettleiaren på nettsidene til Digitaliseringsdirektoratet.

Klart språk og tenestedesign

Eit møte mellom ein brukar og offentleg sektor er ikkje berre éin enkelt nettekst eller eitt enkelt brev. Ei teneste kan bestå av ei heil rekkje av nettsider, brev, telefonsamtalar, søknadsskjema, møte, skilt og brosjyrar. Det hjelper ikkje om eit brev er klart dersom nettsida eller skjemaet som brevet viser til, er vanskeleg å forstå, eller dersom nettsida og brevet brukar ulike ord for same ting.

Det å organisere elementa i ei teneste kallar ein no gjerne for tenestedesign. Målet med tenestedesign er at kvaliteten på tenestene skal bli betre for mottakarane.

Tromsø kommune har laga ein rettleiar for korleis ein bør arbeide med klart språk i tenestedesign. Rettleiaren inneheld åtte steg for korleis ein kan lykkast med brukarvenlege tenester. Du finn rettleiaren på nettsidene til KS.

Everything left unwritten is a mystery box of incomplete design. There mysteries beget other mysteries, and pretty soon you've got dozens of screens of things that kinda-sorta-maybe make sense but none of them can really be final because you never wrote the words. Words are one of the most powerful design materials available.

Scott Kubie

Kjelde

  • Writing for designers
    Scott Kubie (2018)