Hopp til hovedinnhold

Klarspråksprisane

Fortener verksemda di klarspråksprisen for 2023? Meld dykk på i konkurransen om klarspråksprisen seinast 20. mars!

Klarspråkprisen går til offentlege verksemder som har utmerkt seg med eit langsiktig og systematisk arbeid med klart språk. Det er éin pris for statlege etatar og éin for kommunar/fylkeskommunar. Prisane blir delte ut 15 mai.

Prisane skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor. Dei blir delte ut av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Dette er kriteria for klarspråksprisane

Juryen vil mellom anna leggje vekt på:

  • korleis klarspråkarbeidet er organisert
  • korleis språkarbeidet er kopla saman med andre arbeids- og utviklingsprosessar
  • kva for nokre konkrete tiltak som er gjennomførte
  • korleis målgruppene blir involverte i utviklinga av tekstar, og korleis tekstar blir tilpassa behovet deira
  • kva konkrete resultat verksemda har fått gjennom evalueringar, brukartestar, målingar eller liknande

Les retningslinene for klarspråksprisane for å sjå alle kriteria.

Her kan du nominere

Slik nominerer du di eiga verksemd

Juryen treng ein del dokumentasjon for å kåre vinnarane av klarspråksprisane. Alle verksemder som vil nominere seg sjølv, må fylle ut skjemaet under.

Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (bokmål)
Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (nynorsk)

Slik nominerer du ei anna verksemd

Kjenner du til ei anna verksemd som har gjort ein god jobb med klart språk? Da kan du foreslå ein kandidat ved å sende forslag med grunngiving til ssb@sprakradet.no. Verksemda du foreslår, får tilsendt skjema som ho sjølv må fylle ut og sende inn.

Fristen for å nominere er 20. mars 2024.

Hovudprisen for staten

Prisen går til eit statleg organ som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats, som gjeld både bokmål og nynorsk. Statsorgan betyr i denne samanhengen statlege forvaltningsorgan og helseføretak.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Hovudprisen for kommunar og fylkeskommunar

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Temaprisen

I tillegg til hovedprisane kan det delast ut ein temapris. Føremålet med temaprisen er å stimulere til aktivitet på spesielle område.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Digitaliseringsdirektoratet, Språkrådet og KS vurderer fra år til år om det skal delast ut ein temapris.

Retningsliner for klarspråksprisane

Årets trekkhund

Utmerkinga «Årets trekkhund» vart delt ut frå 2014 og fram til 2020. Utmerkinga har gått til ein enkeltperson som har gjort ein ekstraordinær innsats i klarspråksarbeidet i forvaltninga. Med denne utmerkinga har eldsjelene blitt heidra. «Årets trekkhund» er ein person som motiverer andre og oppnår gode resultat som pådrivar for eit systematisk klarspråkarbeid.

Juryen

Desse sat i juryen for klarspråksprisane i 2022:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleiar), administrerande direktør i Viti
  • Johan Tønnesson, professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo
  • Eva Hille, kommunikasjonsdirektør i Bergen kommune (representant for fjorårsvinnarane)