Hopp til hovedinnhold

Bruk av bokmål og nynorsk

Språklova regulerer bruk av nynorsk og bokmål til private rettssubjekt (enkeltpersonar og private verksemder), enkeltkommunar og andre fylkeskommunar. Skriv frå fylkeskommunale organ til private rettssubjekt skal vere på det skriftspråket mottakaren bruker, eller det skriftspråket vedkomande har bede om å få svar på.

Skriv frå fylkeskommunale organ til kommunar og andre fylkeskommunar skal vere på det skriftspråket mottakarkommunen eller -fylkeskommunen har vedteke. Tilsette i fylkeskommunen må gjere seg kjende med språkvedtaksforskrifta, slik at dei enkelt kan finne ut kva det aktuelle kommunale eller fylkeskommunale språkvedtaket er. Kravet om å halde seg til språkvedtaket gjeld uavhengig av om kommunen eller fylkeskommunen ein skriv til, sjølv har brukt det vedtekne skriftspråket. Plikta til å følge språkvedtaket gjeld altså einsidig for fylkeskommunane. Ein del kommunar og fylkeskommunar har nøytralt språkvedtak, og da står fylkeskommunar fritt til å velje skriftspråk når dei skriv til dei.

Den administrative delen av vidaregåande skolar pliktar etter ny lov å følge reglane i paragrafane 12 til 18 i lova. 

§ 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer.

I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.