Hopp til hovedinnhold

Språkvedtak og vekslingsreglar

Fylkeskommunen kan framleis vedta å krevje at statsorgan berre skal bruke bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med fylkeskommunen. Dersom fylkeskommunen ikkje gjer noko slikt vedtak, blir han rekna som språkleg nøytral.

Retten til å krevje eit skriftspråk i skriftleg kommunikasjon blir utvida til òg å gjelde kommunikasjon mellom fylkeskommunar.

Eit slikt vedtak bind ikkje fylkeskommunen til å bruke det vedtekne skriftspråket i allment tilgjengelege dokument eller i eiga administrativ verksemd. Fylkeskommunen kan sjølv fastsette at eit vedtak om nynorsk eller bokmål òg skal gjelde internt i fylkeskommunen.

Språkleg nøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir «eit rimeleg samhøve» mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Fylkeskommunane skal sjølve kome fram til ein høveleg vekslingsregel. I tråd med føremålet med lova og omsynet til nynorsken som mindretalsspråk skal språkleg nøytrale fylkeskommunar fastsette vekslingsreglar som fremmer nynorsk som mindretalsspråk og slik medverkar til å auke bruken av nynorsk.

Språkrådet kan rettleie fylkeskommunen i arbeidet med å fastsette ein vekslingsregel.

§ 11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre  bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

§ 13 fjerde ledd:
Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.

§ 15 andre ledd:
I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.