Hopp til hovedinnhold

Nynorsk – sjekkliste

Her er ei sjekkliste med spørsmål. Jo fleire spørsmål de kan svare «ja» på, desto betre grunnlag har de for å oppfylle pliktene i språklova.

Kartlegg situasjonen, og legg ein plan

Sjekk om de har oversikt over status og ein plan for arbeidet vidare:

  • Kjenner de reglane for nynorskbruk i språklova?
  • Har de oversikt over korleis de arbeider med nynorsk i dag, og i kor stor grad de oppfyller krava i lova?
  • Har de sett dykk mål for denne delen av språkarbeidet?
  • Veit de om de har den kompetansen og dei ressursane de treng for å nå måla?
  • Har de vurdert korleis mønsterpraksisen kan vere nyttig i arbeidet?

Forankre arbeidet i leiinga

Sjekk om arbeidet med nynorsk er godt forankra i leiinga:

  • Har organisasjonen eit sentralt dokument der det står at de skal oppfylle krava i språklova?
  • Er ansvaret for at organisasjonen produserer tekst på nynorsk, formalisert som eit linjeansvar?
  • Er bruken av nynorsk på dagsordenen på leiarmøte i løpet av året?
  • Er nynorsk tema i årsrapporten?
  • Er leiinga involvert når organisasjonen for eksempel tek avgjerder som kan få konsekvensar for tilgangen innbyggarane har til nynorsk, eller for fordelinga mellom bokmål og nynorsk på eit visst område?
  • Deltek leiinga i offentlege samtalar om nynorsk som skriftspråk?

Plasser ansvaret for å drive arbeidet framover

Sjekk om ansvaret for nynorsk er tydeleg og godt plassert:

  • Har den eller dei som har ansvar for nynorsk, mandat til å hjelpe i arbeidet eller vise vidare, eventuelt til eksterne ressursar?
  • Har denne personen eller desse personane god kompetanse i nynorsk?
  • Kjenner denne personen eller desse personane organisasjonen slik at dei kan bidra til å dekke behova på ein effektiv måte?
  • Har denne personen eller desse personane fast, formell kontakt med leiinga?

Gjer språkarbeidet til ein del av prosessane i organisasjonen

Sjekk om arbeidet med nynorsk inngår i prosessane i organisasjonen, der det er relevant for dykk:

  • Er arbeidet med nynorsk teke inn i relevante prosessar, rutinar og kvalitetssystem?
  • Er det å oppfylle kravet om nynorsk ein del av identiteten til organisasjonen?
  • Har de eit obligatorisk opplegg for nytilsette med nynorsk som tema?
  • Krev de nynorskkompetanse i stillingsutlysingar der det er aktuelt?
  • Har medarbeidarane god nok nynorskkompetanse til å kunne oppfylle krava i språklova?
  • Har den eller dei som har ansvar for språket, som oppgåve å hjelpe andre med å skrive tekst på nynorsk, heller enn å vere den som skriv tekst på nynorsk?
  • Koplar de språkarbeidet til arbeid med brukaroppleving, universell utforming, brukarrettar eller liknande?
  • Har de ein (ramme)avtale med ein ekstern leverandør dersom de treng det for å oppfylle krava i lova?

Gje medarbeidarane tilgang til språkressursar

Sjekk om de har språkressursane de treng for å jobbe godt med nynorsk:

  • Finst det tips, rettleiingar eller ei oversikt over nyttige oppslagsverk som medarbeidarane kan bruke for å skrive god nynorsk?
  • Får dei tilsette vite om desse ressursane når dei startar, og blir dei oppmoda om å bruke dei?
  • Inneheld desse ressursane ei oversikt over reglane for bruk av nynorsk og kva reglane betyr i praksis for organisasjonen dykkar?
  • Inneheld ressursane oppdatert informasjon, og opplever dei tilsette at dei er nyttige?
  • Har dei tilsette det dei treng av verktøy eller program som dei kan bruke når dei skal skrive nynorsk?

Nyttige ressursar 

Gjennomfør språktiltak jamleg

Sjekk om de har språklege tiltak som treffer godt:

  • Tematiserer de jamleg nynorsk språk, for eksempel i interne møte og på intranett?
  • Får medarbeidarar og leiarar opplæring i nynorsk?
  • Løfter de fram gode tekstar og resultat, for eksempel med ein pris til ein tilsett eller ei avdeling som har utmerkt seg med god nynorsk eller høg nynorskdel?
  • Har de større arrangement der nynorsk er eit av temaa, for eksempel ein eigen språkdag?
  • Har de ei ordning med «kollegalesing» eller «språkvenner» der medarbeidarar «sparrar» om nynorsk i kvardagen og gjev kvarandre tilbakemelding på tekstar?
  • Får språklege eldsjeler tilbod om å ta på seg ei rolle som «nynorskambassadør» eller liknande i eiga avdeling?

Mål resultata av språkarbeidet

Følger de med på

  • om målretta nynorskarbeid gjev betre brukaropplevingar
  • om gode språkressursar sparer tid i skrivearbeidet
  • om dei tilsette endrar haldningar og får auka kompetanse etter språktiltak
  • om de bruker meir nynorsk i organisasjonen fordi de set krav om språkleg kompetanse når nye stillingar skal lysast ut

Sjekk om de formidlar resultata:

  • Sørger de for at leiinga og resten av organisasjonen får kjennskap til resultata av nynorskarbeidet?
  • Gjer de resultata synlege for eksterne?

Sentrale statsorgan, regionale statsorgan og språknøytrale fylkeskommunar:

  • Har de oversikt over talet på tekstar på nynorsk i allment tilgjengelege dokument, i tråd med språklova paragraf 13?
  • Har de eit system på plass for å sikre at krava i lova blir oppfylte?
  • Har de eit system på plass for å auke talet på nynorske tekstar dersom det er for lågt?

Statsorgan og fylkeskommunar:

  • Har de oversikt over om de svarer på rett skriftspråk, i tråd med språklova paragraf 15?
  • Har de eit system på plass for å sikre at reglane blir etterlevde?
  • Har de eit system på plass for å sikre at eventuelle avvik frå reglane blir retta opp?

Statsorgan:

Del erfaringar, og hent impulsar utanfrå

Sjekk om de bidreg til erfaringsdeling og gjenbruk:

  • Veit de korleis andre organiserer arbeidet med nynorsk, kva verktøy dei bruker, og kva gevinstar dei får av arbeidet?
  • Deler de erfaringar frå nynorskarbeidet med andre?
  • Har de dialog med Språkrådet og andre aktørar som kan hjelpe dykk i arbeidet?
  • Har de bevisst valt å bruke eller ikkje bruke kommersielle språktenester?

Kva seier språklova om nynorsk?

Språklova seier at offentlege organ skal ta ansvar for å bruke, utvikle og styrke nynorsk. I lova heiter det òg at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremme det minst brukte skriftspråket, som er nynorsk. Lova inneheld også ei rekke detaljerte krav.